Sjølv om vi i Norge har hatt ei sterk arbeidarrørsle og ei lang fredstid der vi har kunna jobba mot betre vilkår for alle, er ikkje ståa likeins ute i verda.

DEBATT

Det moralske kompasset skal ikkje svinge

Det moralske kompasset skal ikkje svinge, alt etter kva farvatn du er i. Det skal stødig vise kurs mot fridom, likskap og fellesskap.

Linda Kjosaas sin internasjonale appell frå 1. mai.

Gode menneske, gode kameratar,

I desse tider der fascistiske strøymingar ser ut til å feste grepet i store vestlege demokrati, blant våre allierte i NATO og Europa, minner det oss om at kampen for fridom, likskap og fellesskap er ein evigvarande kamp. Sjølv om vi i Norge har hatt ei sterk arbeidarrørsle og ei lang fredstid der vi har kunna jobba mot betre vilkår for alle, er ikkje ståa likeins ute i verda.

For i verda i dag lever nesten 700 millionar menneske i ekstrem fattigdom. Ekstrem fattigdom tyder at ein manglar hus, mat og klede. Tenk litt over det. Om eg så legg til at heile ein av fem barn veks opp i land der det er krig og konflikt. Ein av fem. Det er 470 millionar barn. Mange av desse lever samtidig i ekstrem fattigdom. Dei mangla hus, mat og klede, og dei manglar moglegheiter til å få ei betre framtid. 

Desse barna, barn av vår verden, bur i land som Syria, Sudan, Haiti, DR Kongo, Myanmar, Afghanistan, Jemen, Ukraina og Palestina. Dei er uskuldige partar i resultatet av internasjonale og nasjonale maktspel, kampen om ressursane og ei manglande klimasatsing. Med dei politiske trendane vi no ser, er det vanskeleg å sjå for seg korleis deira framtid blir. 

Det vi veit er at den globale fattigdomsreduksjonen nesten har stoppa opp dette tiåret vi er inne i, og at det vil ta lang tid, uendeleg lang tid å rette det opp att. Mykje av dette hadde kanskje vore ganske likt – sjølv utan Trump og amerikansk politikk, men med Trump er håpet om at vi er på veg mot ei betre verd, meir ein illusjon.

Demokratiet står på prøve i den vestlege verdas største demokrati, maktfordelingsprinsippet med ein uavhengig domstol står på prøve og ytringsfridomen står på prøve. Trump har følgt oppskrifta til Hitler og Mussolini som og vart valde lovleg og demokratisk. Han har, litt fritt sitert frå Bertrand Russel, forvirra og forleda dei lettlurte og gått til angrep på dei vettige. Han har utnytta vanlege folk si kjensle av urettferdighet. 

For det er ikkje til å stikke under ein stol at verda er urettferdig, at mange amerikanarar lever frå hand til munn utan gode moglegheiter for framtida. Dei trudde at Trump var redninga etter å ha blitt skuffa gong på gong av våre kameratar på venstresida. For det er ikkje så enkelt som at vi berre kan skulde på Trump. Fascismen kjem fordi nokon feilar, ekstremisme kjem fordi nokon har svikta, fordi vi ikkje har levd opp til våre eigne verdiar om fridom, likskap og fellesskap.

Det same gjeld for det store internasjonale bilete. Trump undergrev og motarbeidar FN, den internasjonale domstolen og den internasjonale straffedomstolen, Genève-traktaten, Nato, tidlegare allierte. 

Vi veit dette og ser det dagleg, men det vi òg skal hugse på, er at det same har dei vestlege demokratia gjort systematisk over lang tid gjennom vetoretten i FN til utvalde stormakter som har gjort verdsorganisasjonen makteslaus i store, urettferdige saker… eller gjennom ulik behandling av krigsforbrytingar der stormaktene og deira vener går fri. 

Alle slike små, gjentakande hakk i fundamentet vi bygger verdssamfunnet på blir sakte men sikkert til brester. Når ikkje det som «skal fungere», fungerer, då skapar vi eit mørkt rom der fascismen kan bu og ta si næring og vekse på vanlege menneske si kjensle av urettvise og frykt.

Palestina er kanskje akkurat no det største gapande såret på vårt kollektive medvit. Vi ser korleis barn blir drepne på open gate med skot mot hovudet, bomber som deler familiar, liv og kroppar. Menneske som no ikkje har mat fordi Israel har nekta naudhjelpa å kome fram. 

For om kulene ikkje drep, så vil mangel på mat og drikke gjere jobben. Vi ser på eit pågåande folkemord i «real time» på mobilane våre. Ei stadig påminning om at alle mekanismane vi sette i gang etter andre verdskrig for å hindre at sivile skal rammast, ikkje vert følgde, og at det er greitt for veldig mange av våre vestlege naboar. 

Det er som om ei løgn har vorte avdekka framfor augo våre, nemleg at verdssystemet vårt ikkje fungerer. Tilsynelatande makteslause står vi og lurer på om nokon har tenkt å gripe inn og stoppe det.

Noko kan vi som enkeltpersonar gjere. Vi kan fortsette å bry oss om urett og seie i frå. Vi kan støtte dei som jobbar på bakken for at ting skal verte litt betre. Vi kan boikotte. Vi kan fortsette å presse våre politiske leiarar til å ta oljefondet vårt ut av dette området – fordi det ikkje passar inn med våre ideal og verdiar. 

Det moralske kompasset skal ikkje svinge, alt etter kva farvatn du er i. Det skal stødig vise kurs mot fridom, likskap og fellesskap.

 

Eg vil få avslutte med eit dikt av den palestinske nasjonalpoeten Mahmoud Darwish som eg har omsett til nynorsk:

Tenk på andre

Når du laga deg frukost, tenk på andre

(gløym ikkje å mate duene)

Når du mana til krig, tenk på andre

(gløym ikkje dei som ber om fred)

Når du betaler vassrekninga, tenk på andre

(gløym ikkje dei som drikk frå skyene)

Når du kjem heim, til huset ditt, tenk på andre

(gløym ikkje folket i teltleiren)

Når du søv og tel stjernene, tenk på andre

(gløym ikkje dei som ikkje har ein stad å sove)

Når du strør om deg med metaforar, tenk på andre

(gløym ikkje dei som har mista retten til å snakke)

Når du tenker på andre, langt der borte, tenk på deg sjølv

Sei: Om eg berre var eit lys i mørke.

Linda Kjosaas

Bjørnafjorden Arbeiderparti

Powered by Labrador CMS