DEBATT
Kva skjer med FBBS?
Flyttinga av rehabiliteringsavdelinga frå FBBS reiser mange spørsmål og uro.
For oss som bur på Fusa-sida av Bjørnafjorden, handlar dette om meir enn ei organisatorisk endring – det handlar om tilbod, tryggleik og levande lokalsamfunn.
Vi ser at attraktive arbeidsplassar no kan forsvinna, og det gjer også området mindre attraktivt å bu i. Samstundes blir det vanskelegare å rekruttera kompetanse når fagmiljø blir splitta opp.
Allereie i dag er det utfordrande å få tak i sjukepleiarar og spesialisert kompetanse fleire stader rundt oss. Korleis skal dette bli betre for FBBS når ein fjernar ei velfungerande og attraktiv avdeling? Vil ikkje dette påverka både motivasjon og rekruttering?
Rehabiliteringsavdelinga ved FBBS har fått mykje ros frå pasientar og pårørande. Kvifor flytta noko som fungerer godt? Mange opplever dette som eit stort tap – både fagleg og menneskeleg. Sist, men ikkje minst for alle dei som bur på denne sida og vil trenga slike tenester no og i framtida.
Ved å flytta denne avdelinga, risikerer vi at det som er bygd opp over tid på denne sida av fjorden, gradvis forsvinn, litt etter litt.
Avstanden betyr òg noko. For pårørande blir det meir krevjande å besøkja sine, delta i møte og følgja opp sine næraste. Kva konsekvensar får dette for kvaliteten i tilbodet?
Vi stiller òg spørsmål ved kva som skjer med tilknytte tenester som fysioterapi og ergoterapi. Korleis skal ein sikre eit heilskapleg tilbod når miljøet på FBBS blir fragmentert?
Er det ikkje også slik at ei rehabiliteringsavdeling faktisk styrkjer langtidsavdelingane på FBBS?
Den kan avlaste, bidra til betre flyt og sikra at pasientar får rett oppfølging til rett tid. Nettopp det ein seier ein ønskjer. Samstundes vil ei slik avdeling styrkje den heilskaplege tenesteytinga på Fusa-sida – nær folk, nær pårørande og med betre samanheng i tilbodet.
Kvifor då svekkja noko som potensielt gjer tenestene betre og meir samanhengande?
Det blir sagt at ved å flytta rehabiliteringsavdelinga til Luranetunet, vil dette gje meir robuste fagmiljø. Men kva ligg eigentleg i dette? For mange framstår det motsett: Ei svekking av tilbodet og eit mindre heilskapleg helsevesen i vår del av kommunen.
Fleire av dei som følgjer saka, undrar seg også om kva ein eigentleg meinar med ord som «rett person i rett seng til rett tid». Kan ein ikkje ha det på denne sida av fjorden òg?
Prosjektet vert omtalt som eit “dimensjoneringsprosjekt” og det vert hevda at det er ikkje for å spara pengar. Stemmer det? Det er vanskeleg å forstå kvifor dette må gjerast, om dette ikkje handlar om økonomi. Kvifor er det då naudsynt å gjennomføra ei omorganisering som openbert fører med seg fleire uheldige og negative verknader for innbyggjarane på Fusa-sida?
Kvifor skapa uro og svekka eit tilbod som fungerer?
Dette handlar til slutt om innbyggjarane. Kva slags tilbod skal vi ha lokalt? Og kva pris er vi villige til å betala for sentralisering?
Ragnhild Bjørke
Anne Kristin Skagseth
Lene Tveit