Vart rysta: Vi i Bjørnafjorden SV vart rysta då vi såg kommunedirektøren sitt budsjettforslag.

Dette er heilt feil tid å rasera tilbodet til våre born og unge på

Det er viktigare no enn nokon gong at kommunen, fellesskapet, stiller opp.

Kva den aller viktigaste oppgåva til kommunen er? Det er å sørgja for tenester av høg kvalitet til innbyggjarane. Det meiner i alle fall Bjørnafjorden SV. Dessverre er ikkje det store fleirtalet i dagens kommunestyre einige med oss i det.

Les også
I ferd med å tømma sparegrisen. Vil bruka 193,4 millionar av kommunens premiefond
Les også
Dei fyrste budsjettkommentarane: Ber politikarane ta skulestruktur-debatten

Kommunen er i ein særs vanskeleg økonomisk situasjon. Kommunesamanslåinga skulle gje oss betre økonomi, men gav det motsette. SIO-ordninga førte til at kommunen hadde betre råd enn tilsvarande kommunar i den perioden prøveordninga varte, noe som kan ha ført til fleire investeringar og dermed meir gjeld i dag. Smittervernreglane frå pandemien, og alle dei konsekvensane dei fekk for folk og bedrifter, var ikkje før lagt i skuffa før straumkrise, historisk høg inflasjon og like historisk høge renteaukingar trefte oss.

Artikkelen held fram under annonsen.

Gjer den økonomiske situasjonen at born og unge i kommunen har noko mindre behov for ein god og trygg oppvekst? Og kva med dei med behov utover det normale? Har dei fått det enklare no som økonomien heime er strammare? Nei, openbart ikkje.

Les også
Tankar om økonomiplan og budsjett: - Varsellampane bør blinka

Dei aller fleste familiar i Bjørnafjorden har fått dårlegare råd i 2022. Det gjer dei ikkje betre stilte til å kjøpa logopedtenester eller psykologhjelp i den private marknaden, berre for å nemna eit par eksempel som dei fleste forstår er viktige for dei som har behov for det.

I dag meiner dei aller fleste det er samfunnsøkonomisk fornuftig å førebyggja fysisk og psykisk uhelse, rusproblem og kriminalitet. Vi veit så altfor godt at pengar spart på førebygging på eitt tidspunkt, fort kan koma i retur med langt høgare beløp seinare. Då snakkar vi berre om dei reint økonomiske kostnadene. I tillegg kjem dei menneskelege kostnadene, som strengt tatt er mykje viktigare.

Difor er det viktigare no enn nokon gong at kommunen, fellesskapet, stiller opp. Dette er heilt feil tid å rasera tilbodet til våre born og unge på.

Les også
MDGs budsjettforslag: Vil skåna heile oppvekstfeltet for kutt

Med dette bakteppet vart vi i Bjørnafjorden SV rysta då vi såg kommunedirektøren sitt budsjettforslag. Ikkje berre er summen av kutta urealistiske og vil gje oss nye år med overforbruk. Fleire av kutta er beint fram uakseptable og uforsvarlege etter vårt syn.

I budsjettforslaget ligg det kraftige kutt innan oppvekst på kring 30 millionar kroner både i 2023 og i 2024. Det heng så dårleg saman med realitetane og den situasjonen folk i kommunen står i, at det er nesten ikkje til å tru.

Kutta betyr til dømes færre kommunepsykologar og ungdomskonsulentar. Fleire born får ikkje den hjelpa dei treng og har krav på innan lovpålagte tidsfristar. Det skal bli endå verre, samstundes som vi ser ei auke i psykiske plagar etter fleire år med pandemi. Særskilt blant born og unge.

Barnevernet skal òg få mindre pengar. Skulane oppfyller ikkje lærarnorma i dag. Det er uverdig at born i kommunen vår går på skular som ikkje klarer å ha nok vaksne til stades.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
SVs budsjett: Vil auka overføringane til oppvekst med 51 millionar kroner over to år

Difor har SV valt å auka overføringane til oppvekst med nesten 30 millionar kroner i 2023 og ytterlegare 21 millionar i 2024. Mesteparten går til å auka ramma slik at det kan brukast slik sektoren sjølv meiner er best, men SV har øyremerket midlar til følgjande tiltak:

-2 millionar kroner til å oppfylla lærarnorma

-4 millionar kroner til fleire miljørettleiarar og miljøterapeutar

-2 millionar til fleire, ikkje færre, kommunepsykologar

-1,65 millionar til fleire, ikkje færre, ungdomskonsulentar

-1,2 millionar til å behalda viktige MOT

-100.000 kroner til å starte opp att med prosjektet «Ungdomsskulegutar som leikeressurs»

-1,5 millionar til klassetur for tiendeklassingar

Artikkelen held fram under annonsen.

-1,5 millionar kroner til vidare frikjøp av fosterheim og bruk av statleg beredskapsheim

-1 million kroner til fleire helsesjukepleiarar i skulane

Mellom anna. Dette hadde vore å svara på nokre av dei utfordringane innbyggjarar i kommunen i dag står i. Men det kjem kommunen dessverre ikkje til å gjera.

Dei budsjetta som dei aller fleste kommunestyrerepresentantane vil stemma på den 15. desember, inneheld nemleg fint lite av den lista. Dei to store koalisjonane i kommunestyret vårt (Ap/Sp på eine sida, Frp/H/Krf og ein uavhengig representant på den andre), har begge laga budsjett som berre flikkar litt på utgangspunktet.

Les også
Blått budsjett: - Det blir konsekvensar, og det må vi vera tydelege på
Les også
Budsjettet til Ap/Sp: Kuttar i PC-støtta til dei folkevalde. Vil heller bruka pengane til å motverka barnefattigdom

Kanskje har dei flytta nokre hundre tusen frå ein post til ein annan og skryter av det i sosiale media. Men når du ser dei summane som apparatet rundt borna i kommunen no skal klara seg utan, forstår du likevel raskt omfanget av raseringa dei legg opp til.

Det er berre å beklaga til deg som er oppteken av oppvekstvilkåra til alle born og unge i kommunen. Kommunestyret i Bjørnafjorden kjem nok ein gong til å vedta eit usosialt budsjett som aukar forskjellane i kommunen.

Asle Olsen

Bjørnafjorden SV

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Slik oppsummerer økonomisjefen budsjettet på 1-2-3. – «Thank God» for at det er forbod mot det i kommunelova