Katastrofe: For mange kystkommunar vil dette vera ein katastrofe for lokal samfunnsutvikling, verdiskapning og arbeidsplassar.

Distriktsskatten på havbruk må endrast

Statsbudsjettet 2022 har gitt lokale familieeige oppdrettsselskap langs heile kysten eit formidabelt skattesjokk.

Regjeringa Solberg fremja forslag om at oppdrettskonsesjonar gitt før 1998 skulle verdsetjast til marknadspris basert på siste auksjonspris, dvs. 150-200 millionar kroner per konsesjon. Dette er i seg sjølv eit heilt urimeleg nivå. På toppen av dette heva Ap, Sp og SV både satsen for utbytteskatt og formuesskatt, samt reduserte aksjerabatten, i det endelege budsjettvedtaket i Stortinget.

Les også
Formuesskatten aukar med over 600 prosent for Bolaks: — Dette får store ringverknader
Les også
Sentralisering og utflagging av eierskap
Kan umogleg ha vore utgreidd: Dei samla konsekvensane av desse skatteskjerpingane kan umogleg ha vore konsekvensutgreidde.

Mange små og mellomstore oppdrettarar får dermed auka skatt med fleire 10-tals millionar per år. I vår kommune gjeld dette både Bolaks, Eide Fjordbruk og Tombre Fiskeanlegg.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Formuesskatt eller ikkje formuesskatt?
Les også
Støttar forslaget om ei utgreiing av skatteauken for oppdrettsnæringa

I familieeigde selskap tyder skatteskjerpinga at ein må tappa selskapa for store verdiar i form av auka utbytte for at eigarane skal kunna betala formuesskatten. Dette er midlar som elles kunne vore nytta til vidareutvikling av verksemdene, nye investeringar og teknologiutvikling.

Resultatet kan fort bli konsolidering i næringa gjennom oppkjøp, børsnoteringar, sentralisering og auka utanlandsk eigarskap. Utanlandske eigarar betalar som ein veit ikkje formuesskatt.

For mange kystkommunar vil dette vera ein katastrofe for lokal samfunnsutvikling, verdiskapning og arbeidsplassar. I desse kommunane er oppdrettselskapa ofte hjørnesteinsverksemder, som også bidreg med omfattande støtte til frivillig sektor, idrettsanlegg og liknande. Seinast var t.d. både Bolaks og Eide Fjordbruk inne og sponsa ny idrettshall på Nore Neset. Tru om det hadde vore mogeleg om eigaren heitte SalMar eller Mowi.

Les også
— Ingen tvil om at oppdrettsbransjen har skatta for lite

Dei samla konsekvensane av desse skatteskjerpingane kan umogleg ha vore konsekvensutgreidde. Ap/Sp-regjeringa skriv m.a. i Hurdals-plattforma at regjeringa vil; «Gjennomgå ordningane med løyve i havbruksnæringa for å sikra framleis mangfald og lokalt eigarskap.»

Med dei siste skjerpingane i formuesskatten risikerer regjeringa at dei riv beina under lokalt eigarskap i havbruksnæringa lenge før gjennomgangen av konsesjonsordningane er på plass. Dette kan umogeleg vera god distriktspolitikk frå finansminister og Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum.

Bjørnafjorden Frp ber difor om at ein no dreg i naudbremsen i samband med revidert nasjonalbudsjett til våren. Då kan ein få på plass ei skikkeleg konsekvensutgreiing av endringane i formuesskatten for mindre familieeigde oppdrettsselskap, før ein går vidare.

Havbruksnæringa skal sjølvsagt betala skatt som alle andre næringar. Produksjonsavgifta, som no gjev millioninntekter til vertskommunane, er eit eksempel på dette. Men samla skattebyrde må vera rimeleg, og ingen er tent med at norsk havbruksnæring i enda større grad hamnar på utanlandske hender.

Leiar Gustav Bahus

Artikkelen held fram under annonsen.

Gruppleiar Terje Søviknes

Bjørnafjorden Frp