DEBATT

Alexander Papas som barn.

Eg hadde trengt eit regnbogeflagg

Heilt frå eg var ein liten gut, har eg visst at eg var annleis.

 

Foreldra mine var frå Tyrkia. Eg var brunare i huda enn dei andre i klassen, og blei mobba for det. Familien min var Jehovas vitne. Eg takka nei til bursdagsinvitasjonar. Eg sat på grupperom medan dei andre song julesongar. Gjekk for meg sjølv medan klassen øvde på 17. mai-toget.

Det var ikkje greitt, og det var tøft. Samstundes var det noko eg forstod. Det var konkret nok. Sjølvsagt var eg annleis. Eg var jo mørkare i huda og høyrde til eit trussamfunn mange ikkje skjønte seg på. Det eg derimot ikkje forstod, var ei kjensle eg ikkje kunne setja ord på. Ei hemmelegheit berre eg visste om. Ei sanning som vaks fram i meg jo eldre eg blei.

Det som gjorde at eg blei kalla “femi” på barneskulen. Det som gjorde at eg blei stressa då eg blei spurd kven av jentene eg likte på ungdomsskulen. Det som gjorde at eg visste så godt, men aldri sa det til nokon på vidaregåande. Det som stakk i meg då familie og vener i trussamfunnet snakka om “Desse som lever i synd” og at “Det går an å forandra seg”.

Eg trur Alexander (7 år) hadde syntest eit regnbogeflagg var fargerikt og litt rart. Eg trur Alexander (13 år) hadde synest eit regnbogeflagg var fint. Eg trur Alexander (18) hadde synest eit regnbogeflagg var trygt. Det hadde aldri, aldri vore skadeleg.

Eg (24 år) veit kor mykje regnbogeflagget kan ha å seia for dei som treng det som mest. Eit flagg som seier at du er ønskt akkurat som du er. Eit flagg som viser at du er trygg der du er. Eit flagg som er fint for alle, men som kan ha så mykje å seia for dei som treng det som mest.

Vinteren og våren har vore prega av triste utsegn om transpersonar, og ein flaggdebatt som viser kva for krefter som verkeleg er farlege for barn.

Som når KrF-leiaren hevda at det berre finst to kjønn, når KrF sin førstekandidat i Hordaland, Joel Ystebø ytra at regnbogeflagget er for “radikalt”, og når KrF sitt landsmøte vedtok at dei vil forby regnbogeflagget i skulane. Dette partiet og desse folka høyrer til ei rørsle som vil gjera skeive usynlege, og sender iskalde signal til alle barn og unge der ute som kjenner seg annleis.

Juni og pridemånaden er i gong. Det er noko eg gler meg til, men også noko eg gruar meg til. Ja, eg gruar meg til pride i år, men ikkje fordi eg sjølv er så redd. Eg, som ein gong var eit skeivt barn og ein usikker ungdom som ikkje hadde alle svar, har blitt ein vaksen homofil mann som veit godt kven eg er. Eg klarar meg.

Eg gruar meg for alle dei som i dag står der eg stod. Alle dei som kjenner seg annleis, som leiter etter ord for kjenslene sine, som kjenner på skam, og som ber på den tyngste hemmelegheita. Alle dei som treng dette flagget. 

Regnbogeflagget er ikkje radikalt. Det er ikkje farleg. Det er eit løfte. Om at du får vera deg sjølv. At du høyrer til. At du ikkje er åleine.

Derfor er det så viktig at ein markerer pride – også i Bjørnafjorden.

La oss møta dei mørke kreftene med fargar, og heisa regnbogeflagget høgare enn nokon gong.

Happy pride, Bjørnafjorden.

 Alexander Papas (SV)

2. kandidat til Stortinget frå Hordaland

Powered by Labrador CMS