Frå ei friidrettstrening på Kuventræ idrettsanlegg.

Eit idrettsanlegg i forfall - og eit slag mot dugnadsånda

Vi i Os Turnforening las artikkelen om friidrettsbanen på Kuventræ i Os & Fusaposten 9. november med både uro og tungt hjarte.

For oss i hovudstyret i Os Turnforening handler det ikkje berre om tal og tekniske rapportar. Det handlar om noko mykje større; om barna våre, ungdomane våre og fellesskapet vi byggjer kvar dag gjennom frivillig innsats.

For kvart år som går, utan utbetring, er det ikkje berre eit anlegg som forfell, men óg eit løfte til barna som blir brote.

Frå jubel til uvisse

Då Os idrettspark opna i 2015, var det ein merkedag for heile bygda. Os Turnforening hadde gjort eit makebytte med Os kommune, der vi bytta grasbanen og arealet mot sør mot kunstgrasbanen ved Kuventræ skule. Til gjengjeld skulle kommunen realisera eit nytt friidrettsanlegg med kunstgrasbane og kastfelt.

Endeleg hadde vi fått eit moderne anlegg, ein møtestad der unge kunne springa, sparka, konkurrera og trivast saman.

Men gleda vart kortvarig. 

Allereie første vinteren såg vi skadane kome. Det blei gitt løfte frå kommunen at det skulle iverksetjast umiddelbare tiltak for utbetring - tiltak som aldri kom. 

No, ti år seinare, er situasjonen så alvorleg at friidrettsanlegget er stengt for stemne. Fotballbanen vert til naud nytta til trening grunna setningsskader. Sjølve kunstgraset har passert si levetid, og flombelysninga tilfredsstiller ikkje NFF sine krav.

Det handlar om tillit. Frivillige lag og foreiningar, som Os Turnforening, har lagt ned utallige timar for å skape aktivitet - og no står vi utan eit trygt og godkjent anlegg. Det er uheldig at kommunen har late forfallet halde fram i ti år. 

Når ungane må stå på sidelinja

Friidrettsgruppa vår har mista moglegheit til å vise fram idrettsgleda på heimebane. Born som har trena heile året, får ikkje konkurrere der dei bur. 

Faktisk er det knytta skaderisiko ved trening på banen, og foreldre og trenarar må bruke meir tid og pengar på reiser til andre anlegg utanfor kommunen. Mange mistar motivasjonen undervegs. Rekrutteringa fra både barn og trenarar er truga. 

Slik skal det ikkje vere. Eit idrettsanlegg skal gje energi, ikkje ta den frå oss.

Frivilligheita treng meir enn takk

Vi i Os Turnforening er stolte av alt det frivillige arbeidet som blir lagt ned i bygda vår. Men vi treng meir enn gode ord. Vi treng eit anlegg som fungerer. Vi treng tryggleik for at innsatsen vår faktisk fører til noko.

Når politikarane no skal prioritere vidare, ber vi om at idrettsanlegget ikkje blir gløymt. For dette handlar ikkje berre om idrett - det handlar om born og unge som får kjenne meistring, glede og samhald.

Eit felles løft for framtida

Os idrettspark er hjartet i idretten vår. Parken er ikkje berre ein bane – men ein møteplass for fleire generasjonar. No treng vi eit felles løft, slik at framtidas born kan springe, spele og leike på trygge og gode banar.

Til sjuande og sist handlar dette om kva slags lokalsamfunn vi vil vere. Skal vi stå og sjå på at eit heilheitleg idrettstilbod raknar, eller skal vi vise at vi tek ansvar når det verkeleg gjeld? 

 

 

 

Powered by Labrador CMS