Dei det gjeld: Vi merker oss at saka er køyrt gjennom systemet utan å ta dei viktigaste med på råd; nemleg dei som saka i det vesentlege gjeld.

Ein del av dei som no vert råka, er blant dei minste og svakaste blant oss

I møte med desse menneska må dei styrande ha lenger perspektiv enn frå budsjett til budsjett.

FFO Vestland er ein regional del av Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon. På landsbasis har vi 87 medlemsorganisasjonar med godt i overkant av 350 000 medlemmer.

Les også
Kommunen raserer ordningen uten å ha snakket med dem det gjelder

Vi har gjennom direkte kontakt og oppslag i Os & Fusaposten vorte kjend med at det vert arbeidd med ei sak kring endring av tilbydarar innan BPA for mange i Bjørnafjorden kommune. Vi merker oss at saka er køyrt gjennom systemet utan å ta dei viktigaste med på råd; nemleg dei som saka i det vesentlege gjeld.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ein del av dei som no vert råka, er blant dei minste og svakaste blant oss. I møte med desse menneska må dei styrande ha lenger perspektiv enn frå budsjett til budsjett.

Dersom ikkje heilt særskilde omsyn tilseier det, bør tidshorisonten for endringar frå samfunnet si side vere i livsløpsperspektiv.

I tillegg bør alle endringar ha som høgste prioritet at endringane skjer på brukaren sine premissar. Alt anna ser FFO på som handlingar der det oppstår brot på den enkelte sine menneskerettar.

FFO ber dei som skal gje råd, og ikkje minst dei som skal avgjera saka å ta innspela frå Løvemammaene på høgste alvor, og der igjennom ta steget attende og starte på nytt med blanke ark der dei viktigaste sine behov vert sett i høgsetet.

Else-Berit Helle

Leiar

FFO Vestland

Arne Hovland

Artikkelen held fram under annonsen.

Leiar Interessepolitisk utval

FFO Vestland