DEBATT
Fjellheim - eit unikt samfunnshus
Fjellheim er ein del av identiteten til Osøyro.
Innspel til kommuneplanen sin arealdel.
Fjellheim er ein del av identiteten til Osøyro. Fell dette bygget bort, er det ikkje mykje igjen av det som kan fortelja bygda si historie. Ei rekkje lag og organisasjonar har hatt sine aktivitetar der i 100 år.
Eitt av dei laga som har vore flittig brukar av bygget, er Os Ungdomslag. I frå siste halvdel av 1980-talet og heilt fram til bygget vart nedstengt (då Oseana sto klar), hadde laget si folkedansgruppe øvingane sine i Fjellheim.
Den store oppgraderinga i 1991, etter at kommunen kjøpte Fjellheim i 1989 av Os Musikk- og Turnforening, gjorde bygget flott og funksjonelt til dei aktivitetane som laget dreiv med.
Hovudmålet for laget har, sidan det vart oppretta i 1890, vore å ta vare på kulturen kring norsk folkedans og folkemusikk, og samarbeidet med Bjørnafjorden Spelemannslag har gjeve oss danse- og speleoppdrag både i og utanfor bygda, av og til utanlands òg.
Kjellarsalane
Samstundes som ungdomslaget var i underetasjen, hadde Os Turn si aerobicgruppe trening for full guffe i hovudetasjen. Vi høyrde ingenting frå Os Turnforening si (av og til trampane) aerobicgruppe rett over oss, utan at vi gjekk ut i vestibylen.
Dette syner berre ein av kvalitetane til bygget. Det er altså altså lydtett mellom hovudsalen og dei to kjellarsalane, slik at det kan foregå aktivitetar i begge etasjane, utan å forstyrra kvarandre.
Dette innspelet frå Os Ungdomslag følgjer opp mange av argumenta for bevaring som tidlegare Foreningen Bevar Fjellheim har sendt inn.
ABO foreslo riving av Fjellheim
16.04 2011vart ABO Plan og Arkitektur sitt vinnarutkast «Livet langs linjo» publisert i Os & Fusaposten. Eit sentralt og overraskande element i vinnarutkastet, var framlegget om riving av Fjellheim.
I dag, snart 15 år seinare, har det skjedd lite langs «Linjo», og Fjellheim står framleis der oppunder fjellskrenten på Moberg, flott og majestetisk, men avstengt og truga med riving.
Etter det vi kjenner til er også oppvarminga slått av.
Teknisk tilstand
Vi bør sjølvsagt ta endå ein ny gjennomgang av Fjellheim, og kartleggja nødvendige utbetringar som vil vera naudsynte for å ta bygget i bruk att. Som det har vore peika på tidlegare, fekk ikkje konsulentfirmaet Rambøll dei rette opplysningane for å vurdera tilstanden til Fjellheim, og som skulle vera grunnlag for rapporten som Rambøll utarbeidde.
Akkurat dette skuldast feil i matrikkelen, som burde vore oppdaga før rapporten vart utarbeidd.
I matrikkelen var truleg berre vaktmeisterbustaden (bygd 1957) ført opp. Rambøll vart såleis truleg ikkje informert om den store feilen/misforståinga i matrikkelen, før dei utarbeidde den omfattande rapporten.
Store utbetringar og modernisering
Dei største ombyggingane og utbetringane med m.a. ny og moderne scene og omfattande tekniske utbetringar, vart utført i 1990-92, altså etter at kommunen hadde kjøpt bygget i slutten av1989.
Det store, og den gongen moderne ventilasjonsanlegget med varmegjennvinning, vart installert i slutten av 1994. Dei to tilbygga mot sør og nord var nødvendige for å få plass til dei nye tekniske installasjonane, som nytt elektrisk anlegg, dusjanlegg, sminkerom osb..
Påbygga mot nord var nødvendige for å få på plass nye publikumstoalett med universell utforming, m.a. for rullestolbrukarar osb.. Dersom alt dette hadde blitt opplyst om, hadde Rambøllrapporten sett betydeleg annleis ut.
Unik historie
Eit viktig argument med omsyn til verneverdi er sjølvsagt også den unike historia som starta i 1909 då Os Musikk- og Turnforening kjøpte tomta under bergknausen på Moberg av Hans Engjelsson Moberg.
Det er ikkje for seint å snu i Fjellheimsaka, og vårt ønske og utfordring til det politiske miljøet i Bjørnafjorden kommune, er at dei ser på Fjellheim med nye auge.
Til slutt kan det òg nemnast at Oseana-tomta og Fjellheim-tomta vart skilde ut frå to nabogardar på Moberg:
Oseana: Bjørn Moberg
Fjellheim: Hans Engelsson Moberg.
Avslutning
Det meste av det ABO føreslår i sitt framlegg, kan gjennomførast sjølv om Fjellheim blir ståande.
Vaktmeisterbustaden har ikkje same bevaringsverdi som Fjellheim, og i motsetning til Fjellheim, har det ikkje vore monalege oppgraderingar av bygget.
Det står verkeleg til nedfalls, og kan med fordel rivast slik at tomta kan inngå i ein plan for resten av området, sør for Fjellheim (mot Stegen).
Svein Hovland (leiar)
Tore Moberg (medlem)
Os Ungdomslag