DEBATT

Frå ord til handling
Kommunen står overfor store demografiske endringar, med fleire eldre og behov for fleire tilrettelagde bustader.
Kommunestyret i Bjørnafjorden gjorde den 19.06 eit viktig vedtak. Eit vedtak som synleggjorde kor vi må ha fokus, og dessutan styring, når det gjeld strategisk bustadpolitikk for eldre.
Samandrag: Kommunen står overfor store demografiske endringar, med fleire eldre og behov for fleire tilrettelagde bustader. I budsjettvedtaket for 2025 vart det bedt om ein strategi for å stimulera til privat utbygging av eit breitt spekter av butilbod for eldre.
Denne saka presenterer ein strategisk bustadpolitikk med vekt på heildøgns omsorgsbustader (HDO), tilrettelegging for aldersvenlege leilegheiter og samarbeid med private aktørar. Saka gjev òg ei oversikt over finansieringsmogelegheiter, aktuelle konsept og kriterium for val av utbyggingsområde.
To kommunalt eigde område vert føreslått som første steg i gjennomføringa: Eikelandsosen og Langboden. Kommunedirektøren ber om fullmakt til å vidareføra arbeidet i tråd med dei prinsippa som vert skildra i saka.
Saksutgreiing: I budsjettet for 2025 vart det gjort slikt vedtak: Bjørnafjorden kommunestyre ber administrasjonen utarbeida ein strategi for å stimulera og leggja til rette for privat utbygging av et større mangfald av butilbod for eldre. Kommunen må også knyta til seg private eigedomsaktørar som kan stå for utbygging av nye bustadkonsept for målgruppene. Vi må løysa dette i nyskapande modellar som m.a. nyttar verkemidla i Husbanken optimalt. Samstundes har det vore eit utviklingsarbeid i gang med utgreiing og leiarsamlingar same
Samfunnet er i endring. Ein må som kommune bruka ressursane på ein heilt anna måte enn i dag. Det er økonomiske utfordringar, og ikkje minst utfordringar når det gjeld å ha nok personale, spesielt innan helse.
Mange eldre gjer allereie endringar i eige liv med tanke på alderdommen. Dei har selt huset sitt og flytta i ei funksjonell og sentrumsnær leilegheit. Men fleire burde gjort det same.
Difor ønskjer kommunen å bli med i planlegging av fleire leilegheiter nettopp for at tilboda for fleire kan innfriast.
Det vert vanskeleg å bu i den heimen ein alltid har budd i med tanke på å trenga hjelp frå kommunen når ein vert råka av sjukdom. Du har kanskje eit hus på fleire etasjar med trapper både innvendig og utvendig. Ikkje minst eit lite tenleg bad der det vert vanskeleg å ta i mot hjelp når det knapt nok er plass til ein sjølv.
Og vert ein avhengig av hjelpemiddel i tillegg, blir det krevjande for både den som treng hjelp og ikkje minst for den som skal gje hjelp. Ein skal trass alt også vareta dei som hjelper til å ha eit forsvarleg arbeidsmiljø.
I debatten i kommunestyre 19.06 var det fleire som ville heia på at ein også måtte tenkja leilegheiter for eldre i krinsane. Høyrest jo forlokkande ut, men er det fornuftig i eit samfunnsperspektiv?
Ein har allereie nokre sånne leilegheiter og folk bur og trivest der, la det vera sagt. Men det er dei som framleis kanskje klarar seg heilt sjølve, og dessutan at mange av dei er svært mobile. Dei køyrer bil enno.
Men kva når ein ikkje kan det lengre? Og ein framleis er avhengig av at andre hjelper med innkjøp, transport til lege eller til anna servicetilbod. Då slit ein for å få kvardagen til å gå opp. Mange har heller ikkje pårørande som kan hjelpe til. Blir ein i tillegg avhengig av hjelp frå heimetenestene som køyrer mange mil frå før, i bil som skulle vore brukt til å hjelpe endå fleire, vert det dårleg bruk av ressursar.
Bjørnafjorden har gode helse- og omsorgstenester som blir lett tilgjengelege når ein bur sentralt og oversiktleg. Kort veg til heimesjukepleie, lege og fysioterapi gir ein tryggleik som er uvurderleg for både den eldre sjølv og familien rundt.
I tillegg skapar det ein kvardag der sjølvstende og verdigheit kan oppretthaldast i større grad.
Mange nye kjennskap dukkar også opp når ein flyttar til ei sentrumsnær leilegheit. Og dessutan at det er fleire aktivitetstilbod og møteplassar i gangavstand i eit sentrum enn ute i krinsane. Noko som igjen kan gje ein høgare livskvalitet.
Bjørnafjorden kommune må som andre kommunar sko seg betre med tanke på bruk av ressursar. Difor trengjer vi også innbyggjarane med på laget, sånn at ein også i framtida får den hjelpa ein treng når behovet er til stades.