Hordfast kjem!

Bru over Bjørnafjorden: Ap-veteran Arne Jakobsen møter motstand frå sine eigne partifeller.

Ap-veteran Arne Jakobsen får her svar frå tre ordførarar og ein varaordførar frå Arbeidarpartiet.

«Hordfast er Norges beste prosjekt». Uttalen er henta frå eit nyleg avisinnlegg av utbyggingsdirektør Kjell Inge Davik i Statens vegvesen.

Han peikar på dei store samfunnsøkonomiske verknadene det vil ha å knytte Sør-Vestlandet saman gjennom å redusere reisetida mellom Stavanger og Bergen frå nær 5 til 2 timer. Dette vil gi Vestlandet ein helt ny mobilitet og konkurransekraft.

Artikkelen held fram under annonsen.

Heldigvis er dette også oppfatninga til eit stort fleirtal på Stortinget. Seinast 30. mai i år gjekk Stortinget med stort fleirtal, 85 mot 18, imot eit representantforslag frå SV om eit alternativ til vedtekne planar.

Ap-veteranen Arne Jakobsen, som sat på fylkestinget på nittitalet, har nyleg hatt eit innlegg her i Os & Fusaposten om Hordfast. Jakobsen er imot prosjektet. Det får stå for hans rekning, men han gjer eit forsøk på ei historieframstilling som ikkje er fullstendig.

Fylkestinget sitt vedtak i 2000 om ny stor ferjeterminal på Andlavågen (nordvest for Våge på Tysnes), som han omtalar, blei aldri realisert pga store kostnader og minimale tidsvinstar for gjennomgangstrafikken samanlikna med Sandvikvåg.

Det er rett som Jakobsen skriv, at Høgre den gongen gjekk inn for eit ferjefritt alternativ gjennom Fusa. Dette fekk ikkje fleirtal, og saka sto i ro i nærmare 10 år til Stoltenberg 2-regjeringa lanserte «Ferjefri E39» som eit like viktig tiltak for nasjonen som Intercity-utbygginga i austlandsområdet.

I september 2009 bestemte Stoltenberg si regjering, med samferdselsminister Navarsete i spissen, at det skulle utarbeidast ei Konsekvensutgreiing (KVU) for E39 mellom Aksdal og Bergen. Denne var ferdig i 2012 med påfølgjande Kvalitetssikringsutredning (Ks1) frå Finansdepartementet.

Begge desse konkluderte med at ei ferjefri løysning med bru over Bjørnafjorden var best.

Saka gjekk så til handsaming i den nye regjeringa etter valet i 2013, som støtta og vedtok tilrådingane. I mellomtida hadde også Norsk Industri og ei rekkje store offshorebedrifter peikt på teknologiutviklinga knytt til store installasjonar på sokkelen, som opna for tilsvarande bruk til lange flytebruer.

I tida etter KVU-vedtaket har det som kjent blitt utarbeida ein grundig statleg kommunedelplan for prosjektet som blei vedtatt av regjeringa i 2019.

Artikkelen held fram under annonsen.

Deretter starta ein arbeidet med den statlege reguleringsplanen, som er venta å vera ferdig i 2023. Parallelt med dette har det vore utført ei rekke studiar og ein stor konseptanalyse for flytebrua over Bjørnafjorden.

Det er med andre ord eit solid plangrunnlag og eit breitt politisk fleirtal for prosjektet under skiftande regjeringar.

Stortinget har prioritert Hordfast ved dei siste to rulleringane av Nasjonal transportplan (NTP), og dagens regjering har ved fleire høve uttalt at planlegginga av Hordfast skal gå i samsvar med NTP-vedtaket. Det er vi glade for.

Næringsforeiningane på Vestlandet, i Bergen, Sunnhordland, Haugalandet og Stavangerregionen, står samla bak kravet om ei snarleg realisering av Hordfast, fordi dei ser at dette vil trygge dagens arbeidsplassar og gi nye moglegheiter i den store omstillinga samfunnet vårt står overfor.

Hordfast må realiserast for å trygge busetjing og skapa føresetnader for framtidig utvikling på Vestlandet. Vi konstaterer at ungdommen vil ha Hordfast mens dei eldre har ein tendens til å stritta imot, jfr. undersøkjelsen på Stord der 81 % av dei unge meinte Hordfast var viktig for deira framtid.

Rogfast er som kjent vedtatt og skal stå ferdig i 2031. Med det blir det 1 t og 15 min ferjefritt mellom Leirvik sentrum på Stord og Stavanger sentrum. Utan Hordfast vil dette føre til eit delt Vestland der vi i Sunnhordland og på Haugalandet i endå sterkare grad blir trekt mot Stavanger-regionen - på kostnad av Bergen.

Med planlagt framdrift vil Hordfast derimot kunna stå ferdig om lag samstundes som Rogfast. Det vil knyte Bergen, Sunnhordland, Haugalandet og Stavanger - og med det ca 1 million menneske og Norges kanskje sterkaste næringsregionar - saman på ein heilt ny måte. Slik skapar me eit attraktivt Vestland som kan konkurrere med Oslo-regionen og er rigga for å ta landet gjennom den største omstillinga i historia.

Anja Heggholmen, varaordførar Austevoll (Ap)

Artikkelen held fram under annonsen.

Gaute S Epland, ordførar Stord (Ap)

Hilde Enstad, ordførar Kvinnherad (Ap)

Linn Therese Erve, ordførar Sveio (Ap)