DEBATT
Ingen solnedgang over Øyane
Innbyggjarane i Øyane skal ha reell medverknad i Inka-saka.
Diskusjonen om Inka-utbygginga har spissa seg til. Saka illustrerer ei klassisk interessekonflikt – kva omsyn skal vega tyngst: Næring eller naboar.
Som einaste parti stemte MDG mot å leggja ut reguleringsplanen då PBM behandla saka. Etter vårt syn har utbygginga for mange uavklarte og problematiske sider. Stemninga i Øyane viser at planen i høgste grad er kontroversiell. Då må vi politikarar vera oss vårt ansvar bevisst. Diskusjonen må vera open, sakleg og sikra faktisk medverknad.
MDG har respekt for verdiskapinga og engasjementet frå Inka-leiinga. La det vera sagt. Men vi folkevalde gjer ikkje jobben vår om vi ikkje også gjer ei grundig vurdering av konsekvensane for heile lokalsamfunnet og kva ulemper dei skal måtta tola.
Øyane er kanskje den Os-krinsen som har hatt høgast aksept for næringsliv tett på hus og heim. Fiskeri og oppdrett og tilliggjande industri har prega krinsen, og virkekraft og tiltakslyst er heia fram. På mange måtar levandegjer krinsen den føretaksame kystkulturen som pregar vestlandet. Jantelova har aldri fått rå. Innbyggjarane veit at vekst og velstand ikkje kjem av seg sjølv; det kostar.
Men det er ei grense for kva lokalmiljøet skal tola. Og kanskje er den grensa nådd i Øyane.
Les også:
I dag var det ingen som hadde funne på å leggja storindustri i idyllen Søre Øyane. Men når Inka no først ligg der den ligg, må vi forhalda oss til det. Det må også Inka. Det er svært strenge krav til konsekvensutgreiingar når interessene er motstridande. Dei ulike omsyna skal heilt reelt vektast mot kvarandre.
I kommunen har vi fleire eksempel på kva som skjer når så ikkje vert gjort. Seinast i Aldalen der Bolaks har søkt om ei stor utviding av eksisterande oppdrettsanlegg. Her fekk ja-haldninga først rå nærmast ukritisk.
Naboane mobiliserte, og viste kva som står på spel. Resultatet er at saka kjem i retur frå statsforvaltaren med klar beskjed: Gjer betre arbeid. Tid og pengar tapt både for tiltakshavar og kommunen.
Inka-eigar Karsten Austevoll ønsker å skapa verdiar også framover. Då er ei utviding ikkje til å koma forbi, hevdar han. Elles er det inn i solnedgangen. I retur får samfunnet arbeidsplassar – kanskje så mange som 200 kan Inka sysselsetja på sikt.
Vi har ingen grunn til å tvila på intensjonen, men framover er ikkje utfordringa fleire arbeidsplassar, men mangelen på ledige hender. Utan samanlikning for øvrig er det verdt å minna om Lyseparken, som no har nedjustert talet på framtidige arbeidsplassar frå 12.500 til 2.500.
Trafikksituasjonen er kan henda det som uroar dei fleste. Allereie i dag skapar tungtrafikken store problem på eit smalt og uoversiktleg vegnett. Så skal trafikken ned, seier Inka. Det vert mindre og meir effektiv transport når meir fisk kan mellomlagrast i dei nye lokala. Vel å merka etter to år med anleggstrafikk. Saksutgreiinga viser at det skal sprengast ut 190.000 kubikkmeter stein for å få plass til nybygget. Det tilsvarar 11.000 lastebillass.
Så er det flott om varetransporten går ned på kort sikt; men med forventa produksjonsvekst kan det godt henda at resultatet over tid er endå meir tungtransport.
Naturtap, støy, lukt og utslepp er andre forhold som uroar naboane. Røttinga er eit bustadområde og fungerer også som inngangsporten til eit veldig mykje brukt rekreasjonsområde.
Å gå frå dagens 5.500 kvadratmeter til det doble er eit massivt inngrep i slike omgjevnader. Ein må til store næringsparkar for å finna andre som opererer med bygg i 10.000 kvadratmeter-klassen.
Gitt belastninga fabrikken medfører alt i dag, er det vanskeleg å sjå for seg korleis det går an å få til god sameksistens med eit ytterlegare dominerande anlegg.
Nokon må betala prisen – spørsmålet er kor høg den blir og kven som får rekninga.
Marie Hauge, MDG Bjørnafjorden
Medlem i Utval for plan, bygg og miljø
Nils-Anders Nøttseter, MDG Bjørnafjorden
Medlem i kommunestyret