Ikkje dei første: MDG er ikkje dei første som har stemt mot samarbeidsavtalane i koalisjonen. Faktisk er vi vel dei siste, om du ser på votering i kommunestyret dei siste to åra, skriv Nils-Anders Nøttseter (MDG).

Jo, takk som spør, Hepsøe og Steinum

– Kva skal Ap eigentleg med ordføraren i kommunen, om det ikkje er for å utøva makt.

Budsjettidyll er det ikkje – om Hepsøe og Steinum hadde lytta i kommunestyret, eller lest avisa, hadde de fått med dykk at vi var tvungne til å stemma på eit av to dårlege budsjettframlegg, som begge kuttar langt grovare i tenestene enn det MDG sjølv foreslo.

Men eg skal svara, og eg følgjer opp med nokre refleksjonar og undringar tilbake. Til dømes kvifor to av styremedlemmene stiller opp for å krevja slike grundige svar i avisa. Det er vel meir naturleg å ta ein aktuell politisk debatt blant dei folkevalde og ansvarlege, til dømes via gruppeleiar Atle Kvåle eller ordførar Trine Lindborg?

Artikkelen held fram under annonsen.

Steinum anklaga meg, i etterkant av budsjettvedtaket, for å vera mest oppteken av å mela mi eiga kake. Otto von Bismarck snakka om pølser og politikk, at den som veit korleis dei vert laga, vil aldri meir få ei roleg natts søvn. Det er naudsynt å igjen presisera, slik restkoalisjonen veit godt, at MDG var samrøystes i denne prosessen, det var ikkje snakk om at Nøttseter skulle sikra seg kake.

Les også
Vi undres - spørsmål etter budsjettbehandlingen

Og når det kjem til maktutøving, så er det vel faktisk det som er praktisk politikk. Gjennom posisjonar, forhandling og votering får ein gjennomslag for den beste politikken. Eller som her, den minst ille politikken. Ein skulle tru at Steinum og Hepsøe, med si samla erfaring, var klar over dette.

MDG søker makt for å betra verda. Det er ikkje for min eigen del. Eg skulle gjerne ha brukt tida mi på å lesa, spela rollespel, køyra motorsykkelturar, spela dataspel og brettspel med ungane og baka meir. Hadde eg jakta pengar hadde eg ikkje sitte 13,5 timar i kommunestyremøte for knappar og glansbilete. Slik vil eg jo tru at de også opplever det – at det å jobba for kommunen vår og bygga ei god framtid her er verd å ofra ganske mykje for.

Men sidan de spør slik om makt, så må eg spørja tilbake – kva gjer eigentleg Ap i politikken, kva vil de med makta de aktivt har søkt på bekostning av andre som søkjer makt?

Kva skal de eigentleg med ordføraren i kommunen om det ikkje er for å utøva makt? Det er den einaste fulltidspolitikaren vi har, alle vi andre jobbar på dugnad. Eg sat i forhandlingane som førte Lindborg til makta, og fekk bestemt inntrykk av at Ap ønskte seg den rolla meir enn alt anna vi forhandla om. Er det ikkje jakt på makt som gjorde at Ap sikra seg både ordførar, leiar av tenesteutvalet, samt råd for menneske med nedsett funksjonsevne, ombodsutvalet, eigedomsutvalet, administrasjonsutvalet og liv i bjørnafjorden, samtidig som Sp sikra seg varaordførar, to plassar i formannskapet og leiar av PBU? Medan koalisjonspartnarane MDG og KrF ikkje skulle få ein einaste utvalsleiar. Er innflytelse berre ein uting når vi andre vil ha det?

Kanskje Ap berre ønskjer posisjonar og ikkje makt? Kanskje kan eit slikt uavklart forhold til makt forklara kvifor ordføraren sjølv ikkje deltok i budsjettprosessen i det heile i fjor?

Kanskje er dette også årsaka til at leiarane av koalisjonen ikkje fann det så viktig å skaffa fleirtal for budsjettet sitt. MDG etterlyste at vi ikkje berre måtte snakka pengar og politikk, men også telja representantar for å sikra fleirtal. Då vi etterlyste Lekven i forhandlingane, fekk vi til svar at vi ikkje skulle uroa oss, for koalisjonen hadde dialog. Når Lekven åleine i kommunestyremøtet ikkje visste kva budsjett som ville få fleirtal, så kan ein jo lura på kor god den kommunikasjonen var. Alle andre visste kva veg det gjekk allereie måndag føremiddag.

I det lange kommunestyremøtet stemte vi for vårt eige budsjettframlegg, det er der du finn den grøne politikken. Vi fekk berre fire av stemmene i salen, men vi var tvungne av kommunelova til å stemma subsidiært.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
MDG gjorde kontroversielt budsjettval mellom «pest eller kolera». Dette er Nøttseters forklaring

MDG er ikkje dei første som har stemt mot samarbeidsavtalane i koalisjonen. Faktisk er vi vel dei siste, om du ser på votering i kommunestyret dei siste to åra. Det er forøvrig rom for å innføra eigedomsskatt i koalisjonsplattforma. Då MDG for tredje året på rad vart nedstemt i koalisjonen om å innføra eigedomsskatt, slik kommunedirektøren innstilte på, måtte vi forlata budsjettforhandlingane. Ap/Sp/KrF skriv fint om faglege råd i budsjettet, vi held også faglege råd høgt i vårt parti.

Politisk leiing i kommunen må ansvarleggjerast når det skal takast så store kutt, det er vår utrivelege plikt. Difor bør vidare kutt ut over Bjørnafjorden 22 gjerast i samråd med politisk nivå, ikkje berre overlatast til kommunedirektøren som i si faglege innstilling har foreslått ei anna løysing med eigedomsskatt.

Det blå budsjettet tar ikkje vare på dei svakaste i kommunen godt nok. Difor fremja MDG eige budsjettforslag. Det budsjettet Ap/Sp/KrF leverte tar ikkje vare på dei svakaste i kommunen godt nok. Difor fremja MDG eige budsjettforslag. Om det var viktig for Ap å ta vare på dei svakaste i kommunen, kvifor ikkje støtta MDG sitt budsjettforslag?

Les også
Trykka stemning då MDG gjekk saman med Frp/H/uavhengig om neste års budsjett

Det vedtekne budsjettet er ikkje MDG-politikk. Det inneheld høgresidepolitikk. Realiteten er at Ap sitt budsjett også er det same. De må kutta like mykje, med mindre de brukar opp sparegrisen. For det finst ikkje andre inntekter enn dei vi får gjennom det neste året, uansett kva ein gjettar på. MDG meiner det er uansvarleg å skubba problemet vidare utan å enda på eit nivå der ein har balansert inntekter og utgifter.

Oppfølging av budsjettet er kommunedirektøren sin jobb i jamn dialog med ordførar. Så vidare overskridingar på dei relativt få gjenverande investeringsprosjekta kan Ap framleis bidra til å unngå – de kan altså utøva makt.

Det enkle valet for MDG ville vore å stemma for koalisjonsbudsjettet. Det hadde vore lettfatteleg å kommunisera til veljarane. Men vi er ikkje i politikken for å ta dei enkle vala. Vi gjer det som er best for kommunen, i tråd med vårt program og det vi trur på, også når det er vanskeleg.

Nils-Anders Nøttseter

Gruppeleiar

MDG Bjørnafjorden