Leikar parlamentarisme: Vi i ferd med å få ein situasjon der nokon prøver å leika parlamentarisme, på tross av at Bjørnafjorden kommune vert styrt etter formannskapsmodellen.

Ka e’ vitsen?

Set ikkje Terje Søviknes seg sjølv inn nettopp som ein betrevitande sjuande far i huset i denne saka, sjølv om han tidlegare har meint at absolutt ingen er tent med nettopp det? Ka e’ vitsen?

Kommunestyret behandlar i dag ei sak om å oppretta eit utval for «Prosjekt økonomisk handlefridom». Framlegget om å oppretta utvalet kjem på initiativ frå Frp, Høgre og MdG. I saksutgreiinga går det fram kva oppgåver og mandat utvalet er tenkt å ha. Eg finn ikkje eit einaste punkt der utvalet får makt og mynde til noko som helst som ikkje formannskapet alt har makt og mynde til. Då seier eg som Dagfinn Lyngbø: Ka e’ vitsen?

Vi har nyleg lagt ned tenesteutvalet for å spara pengar. Og no skal vi oppretta eit nytt utval som gir møtegodtgjersle til endå fleire politikarar. Ka e’ vitsen?

Artikkelen held fram under annonsen.

Frp, Høgre og MDG argumenterer for at det er ønskjeleg med tettare politisk oppfølging og styring av den økonomiske situasjonen i kommunen. Men det er jo dette som er kjerneoppgåvene til formannskapet. Ka e’ vitsen?

Kan det vera så enkelt at Frp, Høgre og MDG berre ønskjer å markera seg politisk med å plassera seg sjølv i eit symbolsk utval, der det ser ut som dei har fått makt, mynde og styring, mens skattebetalarane sine pengar går til auka møtehonorar? Ka e’ vitsen?

Vi i ferd med å få ein situasjon der nokon prøver å leika parlamentarisme, på tross av at Bjørnafjorden kommune vert styrt etter formannskapsmodellen. I Arbeidarpartiet forstår vi ikkje vitsen. Difor fremjar vi forslag om at utvalet ikkje blir oppretta.

«-Eg trur alle er tent med at eg ikkje blir sitjande som betrevitande sjuande far i huset»

Dette stod som overskrift over to sider i Os & Fusaposten 31. desember 2019. Sitatet er gitt av Terje Søviknes.

Men er det ikkje akkurat dette representanten Søviknes føreslår i dag? Å setja seg sjølv inn som betrevitande sjuande far i huset, sjølv om han tidlegare har meint at absolutt ingen er tent med nettopp det? Ka e’ vitsen?

Gisle Hesjedal

Bjørnafjorden Arbeidarparti

Artikkelen held fram under annonsen.