Vil ramma hardt: Ei skulenedlegging vil ramma vårt samfunn her svært hardt, både personleg òg med tanke på bygdesamfunnet vårt.

Kunsten å rasera eit velfungerande bygdamiljø

Dette er molbopolitikk, det er tilbakestegspolitikk, og ikkje eit framsteg, slik eit av partia i kommunen profilerer seg som.

Skriv ein eit lesarinnlegg i herverande avis i desse dagar, er det stor risiko for å gjenta poeng som nokon andre alt har fått fram, enten ein skriv frå Nore Fusa eller Søre Øyane. Det får så vera, viktige saker kan tålast å bli høyrt opp til fleire gonger.

Politikk handlar mykje om å lytta til innbyggjarane. Kva gjer det godt og fint å bu i nettopp den og den bygda, og kva trengst for at det kunne vore betre?

Artikkelen held fram under annonsen.

Sjeldan har vel politikarar i vår kommune, gjennom engasjement på folkemøte, i høyringsuttalar og gjennom lesarinnlegg, fått meir informasjon om korleis stoda er enn dette siste halvåret, då det vart gjort kjend at fem solide bygdeskular står i fare for å bli nedlagde.

Alle bygdene som tilhøyrer desse skulane kan me sympatisera med, men i dette innlegget er det bygdene Holmefjord og Bogøy eg engasjerer meg for, der Ådlandsfjorden skule ligg.

For at eit bygdesamfunn skal vera godt å bu i, og attraktivt for tilflytting, må det etter mitt syn ha fire gode «bein» å stå på. Dette er først og fremst skule/barnehage, lokale arbeidsplassar, (sjølv om mange pendlar òg), ein nærbutikk og eit levande og aktivt lokalmiljø, der menneske i dei fleste fasar av livet kan finna glede og sosialt samvær med andre.

Alle desse fire «beina» er avhengige av kvarandre. Sagar ein vekk det eine beinet på eit bord, veit me alle kva som skjer. Det handlar om nærleik til skule, jobb, matbutikk og fellesskap.

Dersom ein vel å bu i ei bygd, medfører det også at ein må vera villig til å ofra litt tid på pendling til der arbeidsmarknaden er større. Det er me som bur her vel vane med. Her er ikkje arbeidsplassar til alle.

Då er det nettopp særdeles viktig at bygda har ein skule og ein barnehage, og helst i nærleiken av kvarandre, slik me har det her med skulen og barnehagen vår i dag.

Mange foreldre i Holmefjord/Bogøy pendlar mot m.a. Arna stasjon, Åsane eller Bergen. Det går ganske greit, sjølv om det kan vera tidkrevjande, særskilt om vinteren. Det skal bli riktig så festleg for desse foreldra som, før dei inntek arbeidsplassen sin i byområdet, først skal køyra frå t.d. Holsund, stoppa for barnehagelevering på Holmefjord, så køyra til Eikelandsosen for å levera på SFO, for så å snu og køyra «hin vegen» igjen til jobb. Det same gjentek seg om ettermiddagen.

I våre to bygder her nord i Fusa er det eit yrande liv. Det er allereie kjent at næringslivet har spanande år framfor seg, med etableringar rundt tømmerkaien. Fleire grunneigarar er no i ferd med å leggja planar for tomteområde for bustader.

Artikkelen held fram under annonsen.

Mange unge ønsker å etablera seg her, for liv i næringslivet genererer folkevekst og i liv i bygda.

No må ikkje kommunen setja bremsene på. Ein må tenkja langsiktig og våga å satsa!

Når det kjem til bygdalivet, har me m.a. eit aktivt idrettslag, ungdomslag, sanitetslag og to bygdalag, og her er stor dugnadsvilje for å utvikla våre felles møteplassar, noko som gjer at me alle kjenner ei tilhøyrsle og ei eigarkjensle til skulen vår og området rundt.

Skulen er hjarta i bygda, og eit solid bindeledd mellom dei to bygdene våre her. Heile uteområdet ved skulen har dei siste åra fått eit løft gjennom den flotte kunstgrasbanen som elevane nyttar. Her er naturleikeplass med tilhøyrande bålhytte, alt gjort på dugnad, med midlar m.a. frå dei lokale næringsdrivande.

Dei eldste elevane ved skulen kan bruka gymtimar til å sykla til Bogøytunet for å spela volleyball eller padel på dei nye og flotte banane der. Skulen er jamvel mala på dugnad av foreldre, med maling betalt av lokalt næringsliv.

På bakgrunn av dette er det for oss komplett umogleg å forstå kommunen sitt forslag om å leggja ned. Då vil eit av bygda sine bein forsvinna, og det vil få svært negativ innverknad på dei resterande «beina» som står att.

Dette er molbopolitikk, det er tilbakestegspolitikk, og ikkje eit framsteg, slik eit av partia i kommunen profilerer seg som. Kven vil etablera eit familieliv i ei bygd som ikkje har skule?

Vil dei som styrer kommunen vår at det skal bu folk i alle bygder? Skal det bu både eldre og barnefamiliar i bygdene?

Artikkelen held fram under annonsen.

I våre bygder her nord i Fusa, har dei aller fleste barna storfamilien rundt seg. Her bur besto og besten, farmor og farfar, onklar og tanter, og nokre er så heldige å ha oldeforeldre rundt seg òg.

Generasjonane hjelper kvarandre, ja, eg vil påstå at me er gjensidig avhengig av kvarandre. Blir borna t.d. sjuke i løpet av skuledagen, kan besteforeldre henta dei heim frå nærskulen. Mange som bur her er sjøfolk, og det er viktig med nærskule for den forelderen som er åleine med born i veker om gangen, for ikkje å gløyma dei som er åleine om omsorga for barn heile tida. Dette er verdiar som må takast vare på.

Familiar som er busette her, har teke eit medvite val om å bu her, basert på dei verdiane som ligg i dette. Folk ønskjer å bu der dei kjenner at dei høyrer til. Det handlar om livskvalitet. Til det treng me skulen vår!

Er me komne så langt i dag, at me kun skal ta økonomiske omsyn, framfor menneskelege? Ei skulenedlegging vil ramma vårt samfunn her svært hardt, både personleg hos den enkelte når kvardagskabalen skal leggjast, men òg med tanke på bygdesamfunnet vårt. Det vil reversera utviklinga på mange måtar.

Det meste av aktivitetane er sentrert rundt skulen, forsvinn skulen ut av bygda, vil mange av desse aktivitetane stilna. Er skulenedlegging verkeleg verdt dette? Er det verkeleg her dei store summane for innsparing i Bjørnafjorden ligg? Det er så baklengs politikk som det går an å få.

Det er heller ikkje pedagogiske faktorar som er årsaka til at dette er kome på agendaen no, så den diskusjonen kan me droppa. Som lærar gjennom mange år, både på skular med 220 elevar og med 40 elevar, veit eg at barn på små skular får meir vaksenkontakt og blir sett meir i løpet av ein skuledag, enn på ein stor skule, med alt det inneber av stress og uro i elevflokken.

Tidlegare Fusa kommune var aldri, og kjem aldri til å bli, eitt bygdesamfunn. Den saka vil ikkje éin felles, kommunal barneskule kunna bidra til. Til det er me for langt frå kvarandre, både geografisk og på andre måtar. Innbyggjarane i bygdene her er stolte over bygda si, noko som er verdt å ta vare på vidare for framtidige generasjonar.

For å seia det med Vestlandsfanden: «De e her me høre te, det er her me lika oss best, det er her me helst vil bu».

Artikkelen held fram under annonsen.

Då må ein vita at skulen (og barnehagen) blir verande, slik at den uroa og bekymringa som me no kjenner på, forsvinn.

Holmefjord og Bogøy må få fortsetja å vera to levande bygde-samfunn i utvikling, og ikkje bli redusert til «sovebygder», der alt liv skjer utanfor bygda.