DEBATT

Tina Bøe Buer
Vi kan ikkje lenger tenkja at stadig færre bønder skal produsera stadig meir mat på stadig meir langreiste ressursar.

Kven vil gje landbruket ein ekte snuoperasjon?

Vi treng grunnleggjande systemendring og ein snuoperasjon som monnar.

Vi har knapt stått framfor eit viktigare stortingsval. I ei tid der krig, klimaendringar og uro gjer verdas matmarknad sårbar, ligg den reelle sjølvforsyninga i Norge på under 40%. 

Stortinget har sett eit mål om at vi skal nå 50% sjølvforsyning basert på norske ressursar, men kva for parti er eigentleg innstilt på å gjera den store snuoperasjonen som trengst for å få dette til?

Mange politikarar ser ikkje ser ut til å ha forstått kva beredskap faktisk betyr, ei heller at matberedskap er føresetnaden for all anna beredskap. 

Ekte matberedskap inneber at vi er rusta til å forsyna lokalsamfunna våre med mat sjølv når det er tørke, importsvikt eller skader på vegnettet. Bønder må kunna produsera mat sjølv om straumen går, om dieselen vert vanskeleg å få tak i, eller om kraftfôret stoppar ved grensa. 

For å takla slike situasjonar, treng vi eit meir desentralisert matsystem kor meir av maten vert omsett lokalt og kor vi belagar oss mest mogleg på lokale ressursar og fotosyntese. 

Det inneber igjen at vi vert drastisk fleire bønder, ikkje færre. Faktisk treng vi heile 13.000 nye årsverk i landbruket viss vi skal nå målet om 50% sjølvforsyning, i følgje ein ny rapport frå Ruralis.

Når ein veit at vi i dag vert stadig færre bønder og at stadig meir av jordbruksareala våre går ut av drift, skjønar ein at ein auke til 50% sjølvforsyning er ei enormt stor oppgåve. 

Å snu den negative utviklinga vil krevja ei politisk satsing vi ikkje har sett maken til sidan opptrappingsvedtaket i 1975 . 13.000 nye årsverk i ei næring som jamt og trutt har lagt ned arbeidsplassar i tiår etter tiår, treng heilt nye verkemidlar. Då krevst det ein fullstendig annan medisin enn vi har brukt fram til no. Dette må våre folkevalde ta inn over seg.

Vi kan ikkje lenger tenkja at stadig færre bønder skal produsera stadig meir mat på stadig meir langreiste ressursar. Denne utviklinga - som har vore ei politisk styrt utvikling i effektiviseringa sitt namn - har ført til at bygdene våre døyr og jordbruksareala gror igjen. Om vi skal få den auka sjølvforsyninga eit nesten samrøystes storting har bestemt at vi skal ha, må vi tenkja nytt.

Ein ekte snuoperasjon i landbrukspolitikken vil krevja:

· At bønder får ei reell jamstilling basert på eit ærleg talgrunnlag, og vilkår, fritid, levestandard og sosial tryggleik som andre folk.

· At det vert lønsamt å nytta norske jordbruksareal framfor utanlandske, og at ein får anstendig betalt for å driva også dei vanskelegare areala, noko Bonde- og Småbrukarlaget sitt forslag om eit såkalla teigbasert tilskot vil kunna bidra til.

· At vi får eit politisk mål om ikkje berre å stansa bruksnedlegginga, men faktisk auka talet på bønder i landet. 13.000 nye årsverk bør vera er eit minimum.

Den beste beredskapen vi kan investera i, er å få fleire bønder og matprodusentar i heile landet som veit å laga mat på lokale og stadeigne ressursar. Nettopp difor jobbar Norsk Bonde- og Småbrukarlag for ein politikk som gjev fleire bønder, ikkje færre. 

Få parti fører i dag ein politikk som aktivt vil bidra til dette, og i vår var det berre SV, MDG og Raudt som stemte for eit talgrunnlag som kunne gitt bøndene ei reell jamstilling.

Vi oppmodar deg som skal stemma til å spørja politikarane du pratar med om korleis dei heilt konkret har tenkt å klara å snu den negative utviklinga i jordbruket. 

Det held nemleg ikkje berre å pøsa på med meir av den same medisinen som ikkje verkar. Vi treng grunnleggjande systemendring og ein snuoperasjon som monnar.

Tina Bøe Buer 

Nybakt bonde

Styremedlem Hordaland Bonde- og Småbrukarlag

 8. plass på stortingslista for Miljøpartiet dei Grøne Hordaland

Powered by Labrador CMS