Kritikkverdig: Høgres kommunestyregruppe meiner administrasjonens prosess har vore kritikkverdig.

Hummarfreding – når saka er moden!

Enkelte saker engasjerer meir enn andre i lokalpolitikken, og saka om hummarfredning er ei slik sak.

Saka skal handsamast i kommunestyret komande torsdag, og har hatt ein runde i PBU.

Me i Høgre kan trygga alle som engasjerer seg i saka, om at Høgre komande torsdag, ikkje vil støtta innstillinga slik den ligg føre, og som startar med «Kommunestyret gjer vedtak om å oppretta fredingsområde for hummar ved Vinnes og Røtinga i Bjørnafjorden kommune…».

Artikkelen held fram under annonsen.

Bakgrunnen for saka er som fylgjer : Eit stort fleirtal i kommunestyret bad 6.5.21 administrasjonen om å leggja fram sak om eventuell hummarfreding i vår kommune.

Høgre støtta opp om forslaget fordi me tek innover oss at hummarbestanden har blitt svært redusert, og fordi vi ynskjer å sikra at framtidige generasjonar også skal kunna fiska hummar slik me gjer i dag.

Sterkt kritikkverdig prosess

Prosessen i saka fram til i dag, ser me har vore sterkt kritikkverdig. Då saka vart lagt fram for PBU, var innstillinga frå kommunedirektøren at ein skulle oppretta fredingsområde på Røtinga og Vinnes.

To dagar før saka skulle handsamast i PBU, vart det invitert til folkemøte. Der kom det fram at ingen relevante interesseorganisasjonar hadde vore involvert i saka slik tilrådinga frå Fiskeridirektoratet er.

Yrkesfiskarar og aktive fritidsfiskarar vil vera gode informantar i prosessen med å identifisera eigna område.

Interessemotsetningar skal kartleggjast for å sikra at område som vert valde ut er godt forankra lokalt slik at reglar vert følgde, og ein ikkje må bruka mykje ressursar på kontrollar.

Endra etter folkemøtet

I etterkant av folkemøtet har saka endra seg, og kommunen inviterer no interessentar til å koma med innspel til eigna lokalitetar for fredingsområde med frist 1. mai kl 23.59.

Dei inviterer samstundes til nytt folkemøte 4. mai kl 18.00-21.00 der faglege tilrådingar vil verta presenterte FØR ny sak skal skrivast til politisk nivå.

Artikkelen held fram under annonsen.

I møtet i PBU 16.3 vart det orientert om at det no var lagt opp til ei slik lokal høyring, for å få innspel frå ulike interessentar.

Høgre tek sjølvkritikk for at me ikkje fekk endra ordlyden i vedtaket som vart fatta i PBU-møtet, noko som har ført til svært stor pågang av telefonar og e-postar, særleg til vår gruppeleiar.

Kom med dine innspel

Me i Høgre oppmodar med dette alle som sit med viktig lokal kunnskap om å gje høyringsinnspel i saka, slik at kommunestyret sitt endelege vedtak vert å freda det best eigna området i vår kommune, og samstundes ivaretek kystkulturen vår.

Du kan gje ditt høyringsinnspel til kommunen via denne lenkja.

Område som sikrar hummarbestanden, samtidig som dei aller fleste kan halda fram å fiska slik dei gjer i dag.

Høgre si kommunestyregruppe