Når ein peikar på andre, peikar tre fingrar på ein sjølv
Når Ap og Sp no står åleine igjen, må det vera lov å spørja kva politisk leiarskap dei har stått for dei siste to åra.
Arbeiderpartiet har tydelegvis eit stort behov for å peika på andre etter budsjettnederlaget sist veke. Kanskje burde Ap reflektert litt over det gamle ordtaket «om du peikar ein finger mot nokon, er det tre som peikar attende på deg sjølv».
Realiteten er at den Ap-leia regnbogealliansen frå 2019 har smuldra opp i bitar allereie frå dag éin.
Artikkelen held fram under annonsen.
Berre nokre veker etter valet, melde Harald Lekven seg ut av Sp og vart uavhengig. I fjor røysta SV i mot budsjettframlegget frå alliansen. I sak etter sak har dei fem partia røysta ulikt i kommunestyret og i politiske utval, og i haust gjekk MDG ut av budsjettsamarbeidet. No laurdag signaliserte også KrF at dei går ut av alliansen.
Det politiske prosjektet til alliansen var openbart svakt. Ja, spesielt om ein ser vekk i frå målet om å halda Frp og Høgre unna styringa av kommunen.
Når Ap og Sp no står åleine igjen, må det vera lov å spørja kva politisk leiarskap ordførar Trine Lindborg, varaordførar Mikal Leigland, gruppeleiar Atle Kvåle og gruppeleiar Terje Sperrevik har stått for dei siste to åra. Å peika på alle andre, slik Ap no gjer i fleire lesarbrev i Os & Fusaposten, vert i alle fall for enkelt.
Helge Steinum og Tone Hepsø, begge styremedlemer i Bjørnafjorden AP, stiller meg nokre direkte spørsmål i eit lesarbrev 20. desember. Dei heng seg opp i at Frp, Høgre og uavhengig Magne Djuvik vil etablera ei politisk styringsgruppe for å leia prosjektet «Økonomisk handlefridom».
Prosjektet skal bidra til omstilling i kommunen, og gjennomføra kostnadsreduksjonar i storleik 50 millionar kroner i 2023 og 2024. Alt for å bringa økonomien i kommunen i balanse, og dermed unngå eigedomsskatt for næringsliv og innbyggjarar i Bjørnafjorden.
Slike kostnadsreduksjonar krev politisk leiarskap, noko vi har sett lite til i omstillingsprosjektet Bjørnafjorden 22. Der opplever vi at ordførar Trine Lindborg (Ap) og varaordførar Mikal Leigland (Sp) har vore fråverande, og at dei i praksis har skubba kommunedirektøren og resten av administrasjonen framføre seg. I haust gjekk også hovudtillitsvalde i Fagforbundet ut i Os & Fusaposten, og hevda at ordførar og varaordførar hadde vore for passiv i Bjørnafjorden 22-prosjektet.
I Frp/H/Uavh. trur vi på 3-partssamarbeidet mellom politikk, administrasjon og tillitsvalde. Ved å jobba tett med administrasjon og tillitsvalde kan vi raskare oppnå dei ynskte resultata.
Å leggja dette arbeidet til formannskapet, er etter vårt syn ikkje like effektivt. Der vil «Økonomisk handlefridom» bli ei av mange saker, og dermed eitt av mange fokusområde. I tillegg har som nemnd ikkje ordførar og varaordførar, som leiarar i formannskapet, synt særleg interesse for å arbeida med detaljar og tiltak knytt til kostnadsreduksjonane som er gjennomførde i Bjørnafjorden 22-prosjektet.
Artikkelen held fram under annonsen.
No tek Frp/H/Uavhengig eit ansvar for dette, og vi ser fram til samarbeid både med dei andre partia i kommunestyret, administrasjonen og dei tillitsvalde for å realisera måla for «Økonomisk handlefridom».
Steinum og Hepsøe hevdar også at Frp/H/Uavhengig ikkje evna å leggja fram eit mandat for prosjektet i budsjettdebatten sist veke. Det er nesten så eg ikkje trur det eg les.
Hadde vi lagt fram eit ferdig mandat direkte i kommunestyret hadde det vore eit alvorleg brot på Arbeidsmiljølova og Hovudtariffavtalen. Arbeidsmiljølova §§ 8-1 og 8-2 om informasjon og drøfting som gjev arbeidsgjevar plikt til å informera og drøfta saker som vedkjem dei tilsette med dei hovudtillitsvalde på eit tidlegast mogeleg tidspunkt. Mandatet for Prosjekt Økonomisk handlefridom er openbart ei slik sak. Det skal drøftast med dei tillitsvalde før vedtak. Det trudde eg verkeleg Arbeiderpartiet, med tette band til fagrøyrsla, visste.
Det er ingen tvil om at Bjørnafjorden kommune står overfor store utfordringar i åra som kjem, men eg er samstundes trygg på at dette skal vi handtera. Vi skal igjen få balanse mellom inntekter og utgifter i kommunen. Og med det sikra større økonomisk handlefridom i framtida. Men det krev leiarskap, hardt arbeid og at vi politikarar i fellesskap tek ansvar. I Frp er vi klare til å ta fatt på jobben.
Terje Søviknes
Gruppeleiar
Bjørnafjorden Frp