No er det nok!

Eg oppfordrar innbyggjarane i denne delen av kommunen til å boikotta vala som kjem - både stortingsval og kommuneval.

Valkrinsen på Baldersheim skal avviklast. Dette les eg i Os & Fusaposten.

Les også
– Rart å ta bort vallokalet på Baldersheim

Folk i denne delen av kommunen skal få lov til å reisa til Eikelandsosen for å stemme. Ja, like frå Lygre og Austefjorden skal dei få reisa for å stemme.

Artikkelen held fram under annonsen.

Baldersheim ligg i sentrum her, kanskje folk frå Eikelandsosen kan koma til Baldersheim for å stemma.

Å skulda på at det er for gjennomsiktig kva folk stemmer på i små valkrinsar er eit heilt urimelig motiv.

No får snart dei som bestemmer i Bjørnafjorden kommune gå ut offentleg og seia at dei i den søre/søraustlege Fusa -delen av kommunen bur i eit område ein ikkje vil ha i Bjørnafjorden kommune.

Eg oppfordrar innbyggjarane i denne delen av kommunen til å boikotta vala som kjem - både stortingsval og kommuneval.

Eg kjem ikkje til å gå til stemmeurnene meir. Håpar det er fleire som er einige med meg

Sven Ole Tveit