Fusa bu- og behandlingssenter, FBBS, Eikelandsosen
Leiar i Bjørnafjorden Senterparti, Dina Lervåg, er uroa for om innbyggjarane får med seg kva som hender, og meiner saka må løftast politisk.

DEBATT

Openheit om endring av institusjonsplassar på FBBS

Omorganiseringa har store konsekvensar – for tilsette, for brukarar og for lokalsamfunna våre. Då held det ikkje at «prosjektgruppa har konkludert».

I Tenesteutvalet 21. april sa leiar i utvalget at saka om «Heilskapleg bustad- og innsatstrapp» er altoppslukande – og at han er usikker på om innbyggjarane får med seg det som skjer. 

Den uroa deler eg.

Prosjektet rommar store endringar i helse- og omsorgstenestene – mellom anna dimensjonering av institusjonsplassar. Kommunestyret har vedteke at endringsarbeidet skal gjennomførast, men bad også om jamleg politisk rapportering. Det er nett det som no manglar.

I staden får vi presentert konklusjonar som om dei alt er avgjorde. Når prosjektet for institusjonsplassar vert lagt fram, får Tenesteutvalet ei ferdig konklusjon – utan open politisk diskusjon i kommunestyret og utan skikkeleg informasjon til innbyggjarane.

Konklusjonen som vart presentert kan oppsummerast slik:

• LBBS, Lurane bu- og behandlingssenter, og skal vere senter for korttid, avlasting, rehabilitering og spesialiserte funksjonar – i tillegg til langtidsplassar.

• FBBS, Fusa bu- og behandlingsenter, skal vere senter for langtidsopphald, med nokre rom for avlasting.

• Tenestene skal organiserast som éi felles eining med to lokasjonar.

Ei slik omorganisering har store konsekvensar – for tilsette, for brukarar og for lokalsamfunna våre. Då held det ikkje at «prosjektgruppa har konkludert». Dette må drøftast og avgjerast politisk, med open saksutgreiing og reell moglegheit for innspel før retninga vert låst.

Vi får allereie tilbakemeldingar frå tilsette og andre som uroar seg for kva endringane vil bety – særleg knytt til FBBS. Erfaringa frå legevaktsaka viser kva som skjer når informasjon kjem for seint: uro, rykte og polarisering. Det må vi unngå no.

Målet – fagleg forsvarlege og treffsikre tenester, no og i framtida – er vi samde om. Men då må også prosessen vere forsvarleg. Eg ber om at kommunestyret får saka til politisk handsaming før store strukturval vert sette i verk. Innbyggjarane har krav på openheit.

Powered by Labrador CMS