Kva løysing gir best nytte for flest mogleg? Kva løysing ivaretek den viktige kontakten innbyggjarane har med sin nærnatur?

DEBATT

På tide å få heilskapleg og forankra kunnskap om gang- og sykkelvegar til Lyseparken

Det viktigaste spørsmålet er ikkje stilt.

Når ein ser på det politiske landskapet i kommunen, så er det knapt nokon som ønskjer løysinga administrasjonen legg i bordet. Det viktigaste spørsmålet er nemleg ikkje stilt: Kva er føremålet med gang- og sykkelvegen?

Bjørnafjorden kommune har i fleire år arbeidd administrativt med planar om ein gang- og sykkelveg mellom Lyseparken og Søfteland. Miljøpartiet Dei Grøne har i fleire år etterlyst ei politisk sak der strategiske val blir heilskapleg vurdert og skikkeleg politisk forankra. 

No har saka dukka opp på agendaen, men vi meiner framlegget til kommunedirektøren er alt for tynt. Vi må få mykje meir kunnskap om alle moglege løysingar før vi tek ei avgjerd som vil påverke innbyggjarar og natur i generasjonar framover. 

Det er forøvrig underleg å leggja merke til at dei to notata frå Multiconsult som no ligg ved saka, er daterte til 2020 og 2022. Dei er ikkje tidlegare vist til politisk nivå.

Omveg for dei fleste

Traseen som administrasjonen har lagt opp til, vil gå gjennom eit attraktivt og viktig naturområde rundt Vinddalsvatnet. Samstundes vil løysinga bli ein stor omveg for dei fleste som eventuelt skal bruka sykkelvegen. 

Dei største busetnadene ligg ikkje på Søfteland, men i Osdalen. For bebuarane i Os-dalen vil det bli ein betydeleg omveg å sykla rundt Vinddalsvatnet og så tilbake til Lyseparken. Også dei nye, store buområda på Søfteland i Storestraumen, kan spara tid på å sleppa runden rundt heile Vinddalsvatnet.

Den kortaste vegen mellom Lyseparken og Osdalen går via vassverket med ei bru over Kvernevika. I saksframlegget blir denne løysinga avskriven som svært kostnadskrevjande utan at det blir kvantifisert. Med ei så stor utbygging som er forventa i Lyseparken, er det useriøst å avskrive dette alternativet på eit så tidleg tidspunkt utan skikkeleg utgreiing.

Sjølv om det er høgdeutfordringar i denne traseen, kan ein spara opp mot fem kilometer – ei vesentleg distanse for ein arbeidspendlar. Mange vil heller velja bil enn sykkel om omvegen blir for lang.

Vi spør oss kvifor desse alternativa ikkje er betre utgreidde. Det kan henda den Stavangerske postveg kan nyttast, eller det kan vera kulturhistoriske hinder for å ombruke den strekninga. Men sidan den løysinga ikkje er nemnd med eit ord, har vi ikkje høve til å ta sakleg stilling til temaet. 

Noko av det som blir brukt til turveg nær Hetlefloten, vart opparbeidd til Landsskytterstevnet i 2002. Heller ikkje dette vegnettet blir omtalt i særleg grad.

Vi bør også vurdera om vi kan kopla saman ny utbygging på Nygard og Nymark med ei løysing som både går mot vassverket og Lyseparken, og andre vegen via rundkøyringa og den gamle blindtarmen til Industrivegen forbi Montér og ARKA. Dette vil kopla buområda betre til skulekrinsen og ikkje minst til Varåsen der mange klassekameratar bur.

Natur og innbyggjarar må høyrast

Lesarinnlegga i lokalavisa viser at mange innbyggjarar er uroa for naturinngrepet den planlagde traseen vil føre med seg. Vinddalsvatnet og områda rundt er ei perle som mange nyttar til rekreasjon, fiske og naturoppleving. Vi må ta desse bekymringane på alvor.

Vi i MDG meiner at kommunen no må ta eit steg tilbake og gjennomføre ei grundigare utgreiing av alle alternativ. Kva løysing gir best nytte for flest mogleg? Kva løysing ivaretek den viktige kontakten innbyggjarane har med sin nærnatur? Kva løysing gjev minst naturinngrep? Kva løysing vil faktisk føre til at folk vel sykkel i staden for bil?

Nils-Anders Nøttseter

Gruppeleiar

Marie Hauge

Medlem i plan- bygg og miljøutvalet

MDG

 

Powered by Labrador CMS