Åse Vaksinen Sælensminde stussar over argumentasjonen til ordføraren.

DEBATT

Skal kommunalt tilsette ha munnkorg i den offentlege debatten?

Dersom ein innbyggjar som arbeider i kommunen, ikkje kan delta fritt i den politiske debatten utan at tilsetjingsforholdet blir trekt fram, kva signal sender det til andre tilsette?

I Os og Fusaposten 27. oktober svarar ordførar Terje Søviknes på innlegget frå Åse Kristin Uglehus, «Kjære Terje – ordføraren vår».

Uglehus løftar fram fleire bekymringar for utviklinga i Bjørnafjorden kommune. Ordføraren seier at han finn det krevjande å ta dialogen fullt ut i lokalavisa, fordi Uglehus også er tilsett som mellomleiar i kommunen. I staden inviterer han henne til ein samtale på ordførarkontoret.

Eg stussar over denne argumentasjonen.

Uglehus skriv, slik eg les det, som innbyggjar og samfunnsengasjert person. Ho reiser spørsmål om politiske prioriteringar og utviklinga i kommunen. Kvifor skal det då vera problematisk at ho også er kommunalt tilsett?

Skal vi verkeleg ha eit lokaldemokrati der tilsetjingsforholdet avgjer kven som kan delta i den offentlege debatten?

Ytringsfridomen gjeld også for offentleg tilsette. Grunnlova §100 vernar retten til å ytra seg, og Sivilombodet har fleire gonger understreka at offentleg tilsette har eit vidt rom for å uttrykkja eigne meiningar. Det gjeld også når meiningane er kritiske til arbeidsgivaren.

Sjølvsagt må ein ta omsyn til teieplikt og andre lovlege avgrensingar, men det å vere kommunalt tilsett inneber ikkje at ein skal teia om politikk og samfunnsutvikling.

Det er viktig å skilja mellom å uttala seg på vegner av kommunen og å uttala seg som privatperson. Ein kommunalt tilsett som skriv eit lesarinnlegg, representerer ikkje automatisk arbeidsgivaren sin. Tilsetjingsforholdet kan ikkje i seg sjølv vera eit argument for å halda seg borte frå den offentlege samtalen.

Eg har forståing for at ein ordførar kan ønskja direkte samtalar med innbyggjarane. Slike møte kan vera nyttige og bidra til større forståing. Men eit møte bak lukka dører kan ikkje erstatta ein open debatt i lokalavisa. Når det blir reist spørsmål om politiske prioriteringar og kommunale tenester, har innbyggjarane ein legitim interesse av å få vita kva som blir spurt om, kva svar som blir gitt, og kva argument som står mot kvarandre.

Det er nettopp i lokalavisa vi kan diskutera politiske vegval, stilla spørsmål ved prioriteringar og utfordra dei som sit med makta. Det er ikkje ein konflikt mellom arbeidsgivar og arbeidstakar som automatisk skal avgjerast på eit kontor. Det er ein del av demokratiet vårt.

Kommunalt tilsette har kunnskap og erfaring som kan vere verdifulle for fellesskapen. Dersom dei opplever at det er tryggare å teia enn å delta i debatten, taper vi alle på det. Ein treng ikkje vera samd med Uglehus i alt ho skriv for å forsvara retten hennar til å skriva det.

Eg vil difor stille eit enkelt spørsmål: Dersom ein innbyggjar som arbeider i kommunen, ikkje kan delta fritt i den politiske debatten utan at tilsetjingsforholdet blir trekt fram, kva signal sender det til andre tilsette?

Ingen skal ha særrett til å sleppa kritiske spørsmål, heller ikkje ordføraren. Og ingen skal måtta leggja att samfunnsengasjementet sitt utanfor arbeidsplassen for å vera ein fullverdig deltakar i lokaldemokratiet.

Kommunalt tilsette skal sjølvsagt utføra arbeidet sitt lojalt og forsvarleg. Men lojalitet må ikkje bli det same som tausheit. Demokratiet treng engasjerte innbyggjarar – også dei som arbeider i kommunen.

Åse Vaksinen Sælensminde

Powered by Labrador CMS