DEBATT
Har iskiosk og fjordutsikt – ønsker (heller) provisorisk parkeringshus
Destinasjon Osøyro med ny attraksjon: Mellombels parkeringshus.
Dei som var spente på kva retning hotell-diskusjonen ville ta, fekk kanskje meir enn forventa. Høgre og Framstegspartiet firte ikkje på høgda. Bunnlinja derimot. Den var viktig. Bunnlinja til hotellet, det er.
For det er ikkje så nøye med kommunen og dei ressursane den forvaltar. Dei deler Frp og Høgre raust ut. Og gåva til hotellet: Kremtomt i sentrum med parkeringshus. Slitan!
Med denne vrien kjem dei seg tilsynelatande unna parkeringsproblematikken. I tillegg kunne ordføraren påberopa seg nokre ansvarlegheits-poeng: Ikkje kom her og påstå at ikkje vi stiller krav til utbyggjar…
Det er lett å harselera med det som skjer i hotell-saka. Dessverre er saka altfor alvorleg til det. For dette handlar om noko heilt grunnleggande: Verdiane som fellesskapet eig; i kva grad er dei til sals? Og kven bestemmer prisen – kjøpar eller seljar?
Når Frp og Høgre set ein linjal på kartet og bestemmer at innan 600 meter skal det byggjast parkering – ja, då er det særs begrensa kor denne parkeringa kan koma. Varaordførar Bruarøy lista nonsjalant opp Esso-tomta og plassen framom rådhuset, nærmast som tilfeldige forslag. Som om lista er utømmeleg. Det er ho ikkje.
Om det er noko Os sentrum manglar, er det nettopp areal. Det er jo sjølve essensen i all diskusjon om utvikling, fortetting og trafikk – korleis vi kan bruka dei få ledige kvadratmetrane til å gjera Osøyro attraktiv. Og så – ut av det blå – er det brått plass til eit parkeringshus midt i sentrum. Kor kom det frå?
Ein rask kikk på kartet viser at så godt som alt ledig areal i sentrum er sett av til offentleg føremål, og mykje av det eig kommunen. Altså du og eg.
Ser ein for seg å selja eller festa grunnen til utbyggjar? Og kva med bygget? Om eit mellombels parkeringshus også skal sørva andre brukarar – ja, då må vi ha ein fordelingsnøkkel. Skal kommunen sjølv gå inn med nokre millionar? Os sentrumsforening? Fylket? Staten? Trond Mohn?
Anten har Høgre og Frp forhasta seg her og gjort eit lite gjennomtenkt grep. Eller så meiner dei seriøst at hotellet trumfar alt anna.
Ordføraren blei utfordra på dispensasjons-regimet som kjenneteiknar dagens politiske styre. Det spøka han litt vekk – og understreka at intensjonen er å sikra parkering med denne løysinga. Sjølv om det blir dyrt for utbyggjar, la han triumferande til.
Fint då at det går an å dispensera for alle andre krav når byggjesøknaden til hotellet kjem. Vi minner om at Frp og Høgre innvilga ni av 11 dispensasjonar til Baronsgården. Då var blekket så vidt tørka på sentrumsplanen.
Det er synd at også hotell-saka ser ut til å enda opp som eit hakk i belte til Frp og Høgre. Å vinna blir viktigare enn å finna gode, framtidsretta løysingar.
Klart det er mogleg – sjå berre korleis hotella i De Bergenske-kjeda smykkar gatebiletet i Bergen. Kvifor skal vi nøya oss med noko dårlegare?
Marie Hauge
Medlem PBM
Nils-Anders Nøttseter
Kommunestyrerepresentant, Bjørnafjorden MDG