Klarte det ikkje: Det er overordna mynde som har forlanga endringar i planen for i det heile å kunna godkjenna denne. Dette klarte ikkje det politiske fleirtalet i Os kommune å levera på før kommunesamanslåinga.

Rart at nokon vil «framsnakka» sin eigen kommune som ein «Nei-kommune».

Når Terje Søviknes og Gustav Bahus utfordrar ordførar og leiar i planutvalet på om arealplanen skal på full høyring igjen, så er det på sin plass å poengtera nokre fakta.

Vi snakkar her om kommunedelplan for Os-delen av kommunen vår. Ein arealplan som skulle ha vore ferdig lenge før Bjørnafjorden kommune såg dagens lys.

Les også
Nei-kommunen er ein realitet

Når vi no skriv 2020, så er vi inne i det niande året denne planen er under arbeid utan å vera ferdigstilt. Det er altså ikkje dagens politiske fleirtal i Bjørnafjorden kommune som har bede om å få gjera endringar i planen. Det er overordna mynde som har forlanga endringar i planen for i det heile å kunna godkjenna kommunedelplanen. Dette klarte ikkje det politiske fleirtalet i Os kommune å levera på før kommunesamanslåinga.

Artikkelen held fram under annonsen.

No hastar det å få på plass kommunedelplan for Os-delen av kommunen vår slik at ikkje all vekst og utvikling i denne delen stoppar opp pga manglande planverk.

Vi ønskjer snarast råd å starta arbeidet med å få på plass arealplan for heile Bjørnafjorden kommune. Ein arealplan som skal rullerast og oppdaterast slik at den skapar føreseielege forhold og tryggleik for alle innbyggjarane og utbyggjarane våre. Det som no eventuelt vert teke ut frå Os-delen sin plan, kan gjerna vera modent å ta inn igjen ved neste rullering av kommuneplanen.

Vi støttar ei begrensa høyring fordi:

1) den tidlegare har vore på full høyring ( juni-sept.2019 )

2) dei berørte partar vil få saka til høyring. Dette gjeld både for dei private og for motsegnsmyndigheitene.

Openheit og medverknad: Aldri tidlegare har alle PBU-møta vore streama via kommune-TV. På kommunen sine heimesider kan ein sjå og høyra alle møta. Ein kan sjå diskusjonane som har vore i møta og grunngjevingane frå administrasjon og frå politisk hald.

Til slutt og ikkje minst: Når vi skal starta planarbeid i Bjørnafjorden kommune, vil ein skipa til folkemøte og ha fleire ulike arenaer for innbyggjarmedverknad.

Ja, vi gler oss veldig til det, men nett no må vi diverre først bli ferdige med arbeidet som skulle vore avslutta i Os kommune lenge før kommunesamanslåinga.

Artikkelen held fram under annonsen.

Trine Lindborg

Ordførar (Ap)

Terje Sperrevik

Leiar plan-og byggningsutvalet (Sp)