Edlare motiv?: I lesarbrevet frå kommunestyregruppa til Ap kan ein få inntrykk av at Ap-representantane meiner dei har edlare motiv for sitt engasjement enn representantar for andre parti. Slik er det ikkje.

Rett og urett om kommunebudsjettet

I etterkant av budsjettnederlaget sist veke verkar Ap lettare desperat.

I eit innlegg i Os & Fusaposten 21. desember med overskrifta «Kva no, 2022?» freistar dei openbart å skapa usikkerheit både for tilsette og innbyggjarar i Bjørnafjorden.

Les også
Kva no, 2022?

La meg derfor slå fast følgjande;

Artikkelen held fram under annonsen.

* Frp/H/Uavhengig sitt budsjettframlegg legg ikkje opp til auka nedbemanning i 2022 utover det kommunedirektøren har lagt til grunn i Bjørnafjorden22-prosjektet.

* FrP/H/Uavhengig omtalar ikkje på nokon plass i budsjettframlegget sitt ei nedbemanning på 70 årsverk slik Ap skriv i lesarbrevet. Ei heller «140 årsverk med halvårsverknad», slik dei skriv. Kvar har Ap det dette frå?

* I løpet av økonomiplanperioden 2022-25 legg Frp/H/Uavhengig opp til gradvise kostnadsreduksjonar som i 2025 summerer seg til 72 millionar kroner, tilsvarande 3,5% av driftsutgiftene til kommunen. Til samanlikning har Ap/Sp/KrF kostnadsreduksjonar som sumerar seg til 43 mill kr i 2025, tilsvarande 2,1% av driftsutgiftene.

Ap hevdar altså seriøst at kostnadsreduksjonar på 3,5% «er ei heilt umogeleg oppgåve om ein ynskjer å drifta kommunen på ein ansvarleg og medmenneskeleg måte». Mens 2,1% kostnadskutt som ligg i deira eige budsjettframlegg er heilt greitt. Med respekt å melda, held ikkje argumentasjonen vatn.

Begge budsjettalternativa inneheld kostnadsreduksjonar som vert krevjande for den kommunale organisasjonen. Forskjellen ligg primært i tre forhold;

* Ap/Sp/KrF budsjetter med 16 millionar kroner meir i skatteinntekter enn det Ap/Sp-regjeringa har anslått at Bjørnafjorden vil få i 2022. Det optimistiske anslaget kan sjølvsagt slå til, men vi konstaterer at Ap/Sp lokalt budsjetterer med langt større skatteinntekter enn deira eiga regjering. Dette er høgst usikre inntekter.

* Ap/Sp/KrF brukar meir av oppsparte fondsmidlar enn Frp/H/Uavhengig, dvs. at ein raskare tømmer «sparegrisen» som tidlegare Os kommune hadde lagt seg opp.

* Frp/H/Uavhengig ynskjer å etablera ei politisk styringsgruppe som skal jobba saman med administrasjonen og dei tillitsvalde for å ta ned kostnadene i kommunen. Ap/Sp/KrF gjev denne jobben galant vidare til administrasjonen.

Artikkelen held fram under annonsen.

I lesarbrevet karakteriserer Arbeiderpartiet politikarane som skal inn i styringsgruppa som «meir eller mindre kompetente, som ikkje har den fagkunnskapen som skal til». Det er rett at politikarane må støtta seg til all den fagkunnskapen som ligg i administrasjonen, men å omtala kollegaer i kommunestyret som «meir eller mindre kompetente»? Kva omtale er det av politiske kollegaer?

Vi politikarar er folkevalde, vald av og blant folket. Vi er lekfolk, men vi må ta ansvar, syna leiarskap og jobba tett med administrasjonen og tillitsvalde når kommunen står overfor store utfordringar.

Kva leiarskap syner Ap/Sp/KrF når dei enkelt skyv sine eigne kostnadskutt på 43 millionar kroner over på administrasjonen? 43 millionar kroner utgjer ikkje så få årsverk det heller.

I lesarbrevet frå kommunestyregruppa til Arbeiderpartiet kan ein òg få inntrykk av at Ap-representantane meiner dei har edlare motiv for sitt engasjement enn representantar for andre parti. Slik er det ikkje.

Politikarar frå alle parti engasjerer seg for å utvikla samfunnet vårt til det beste for innbyggjarane. Vi har ulike løysingar på dei utfordringane vi står overfor, men vi vil alle det same. Skapa best mogleg tenester for innbyggjarane, skapa gode oppvekstvilkår, sikra gode helse- og omsorgstenester, utvikla bygdene og kommunen vår.

Dette gjeld enten ein engasjerer seg i Ap, Sp, SV, KrF, MDG, H, Frp eller andre parti. La oss ha respekt for det, og ikkje trekkja kvarande sine motiv i tvil.

Les også
Vi undres - spørsmål etter budsjettbehandlingen

Måten Ap har forsøkt å framstilla MDGs Nils-Anders Nøttseter på, som berre opptatt av makt, er eit eksempel på korleis vi ikkje skal behandla kvarandre. MDG og Nøttseter har tatt eit vanskeleg val for dei sjølve i i budsjettprosessen. Dei ynskte å innføra eigedomsskatt, men fikk ikkje støtte for det. Då stemte dei subsidiært for det budsjettet MDG meiner var «minst dårleg» av Frp/H/Uavhengig og Ap/Sp/KrF sine alternativ. Det står det respekt av.

Les også
Når ein peikar på andre, peikar tre fingrar på ein sjølv

Med desse orda vil vi i Frps kommunestyregruppe få ynskja ei riktig god og fredfull jul til politiske kollegaer, tilsette, tillitsvalde og alle innbyggjarar i Bjørnafjorden kommune. No kan det berre gå oppover.

Artikkelen held fram under annonsen.

Bjørnafjorden Frp

Kommunestyregruppa