Slik saka låg føre, opplevde eg at dette ikkje var éi sak – det var to ulike saker slått saman.

DEBATT

To saker i éi

Det er sjeldan nødvendig å be om innsyn og å sende saker tilbake. Denne gongen var det nødvendig.

I kommunestyret i går handsama vi sak 57: Nye omsorgsbustader på Osøyro og i Eikelandsosen. Eg støttar at vi skal byggje fleire omsorgsbustader – begge stader.

Men slik saka låg føre, opplevde eg at dette ikkje var éi sak – det var to ulike saker slått saman. Då blir det vanskeleg å få ei ryddig og open behandling, og det blir vanskeleg for både folkevalde og innbyggjarar å etterprøva grunnlaget for vala som blir gjorde.

I debatten vart det frå Frp antyda at kritiske spørsmål handla om å “ikkje forstå korleis marknaden fungerer”, og at vi i opposisjonen problematiserte og trenerte saka.

For meg handlar dette om noko heilt anna: Lokaldemokrati, openheit og tillit.

Når prosessen er dårleg kommunisert og opplevast som uryddig, er det vår plikt som folkevalde å be om meir innsyn og ei betre saksutgreiing – før vi bind kommunen til store og viktige avgjerder.

Eg er difor glad for at SV og Sp fremja innsynskrav i saka, og eg vil takke særskilt Asle Olsen for innsatsen som vart lagt ned for å få fram meir informasjon. Eg er òg glad for at eg saman med 13 andre representantar stemte for å sende saka i retur til ny handsaming.

Det er sjeldan nødvendig å be om innsyn og å senda saker tilbake. Denne gongen var det nødvendig. Omsorgsbustader er ikkje berre “marknad” – det er velferd, tryggleik og framtida til folk i kommunen vår.

Då må vi ha gode, opne og ryddige prosessar, og ei behandling som gjer at vi kan ta stilling til saka/sakene på ein skikkeleg måte.

Dina Lervåg
Bjørnafjorden Sp

Powered by Labrador CMS