Fleire spelarar har signert på nytt

Anne-Marie Vangsnes
sport

Onsdag kveld tok Lysekloster A-lag imot Brann 2 til treningskamp i Lysekloster Family Arena. Her slo dei andrelaget til laget frå Idrettsveien i Bergen 2-1. Lysekloster sine mål vart skåra av Jacob Kvarven (10 min.) og Sander Marthinussen (41).

Sistnemnde har nett skrive under ny kontrakt med munkane. I lag med kaptein Alexander Dang har han skrive under ut inneverande sesong.

Torstein Hildal, Jørgen Nordvold Lunde, David Tufta og Jacob Jacobsen Bolslø har skrive under til og med 2026.

Ny frå Sotra er Mats Åserud. Han har skrive under til og med 2025-sesongen.

Neste treningskamp for Lysekloster er på Åsane Arena mot Sandnes Ulf komande laurdag.

Powered by Labrador CMS