Relatert innhald
Blei seriemeistrar og sikra "the double"
Volleyball: I januar vann dei NM. Fredag sikra TIF Viking sitt damelag seriemeisterskapen etter 3-0 mot Førde i Åsane Arena. Dermed sikra dei seg "the double", men sesongen er ikkje omme.
Sluttspelet startar snart – der har fort TIF Viking favoritt-stempelet på seg og kan sikra seg nok ein tittel.
Til topps i NM: Bilete er frå januar då Kongepokalen blei sikra. Bjørnafjordingane Cherin Isabel Eide, Terian Kaelo, kaptein Grethe Soltvedt og Maria Åsmul kan no jubla igjen etter å ha vunne seriemeisterskapen. Tine Tuft Soltvedt Laget frå Bergen har fleire lokale spelarar i stallen. Cherin Isabel Eide (tidlegare Søre Neset) og Strandvik-trioen; Maria Åsmul , Terian Kaelo og kaptein Grethe Tuft Soltvedt.
Sistnemnde sa til Åsane Tidende etter at seriemeisterskapen var sikra, at dette er det største ho har opplevd.
– Det var stort å vinna cupfinalen, som var ein helt spesiell kamp med eit vanvitig trykk, og sluttspelet blir tøft, men å vinne serien viste ein sterk moral. Det var utruleg å klara det, seier ho til ÅT.
Ny medalje til Bjørg Marit
Tysdag gjekk Bjørg Marit Eide og det norske ungdomslandslaget inn til andreplass i ungdoms-VM i skiskyting i Østersund i Sverige. Det norske laget var 20,8 sekund bak Tyskland. Forutan Bjørg Marit gjekk Sara Tronrud og Martine Skog for det norske laget.
Tap for rogalendingar i Åsane
Onsdag vann Lysekloster 2-1 over Brann 2 heime i Lysefjorden. Berre tre dagar seinare var det klart for ny treningskamp.
Denne gongen i Åsane mot Sandnes Ulf.
Til pause stod det 1-1 mellom laga. Jacob Bolsø skåra målet for Lysekloster.
Etter 53 minutt kom den avgjerande skåringa. Sandnes Ulf, som rykte ned fra OBOS-ligaen i fjor, vann kampen 2-1.
Braktap i seongoppkøyringa
Laurdag spelte Os treningskamp borte mot Renate Blindheims Sotra.
Sotra – Os treningskamp 2025 Hordalandsfotball. Det var tøff motstand for Os mot eit lag som førebur seg til sesong på nivået over, i PostNord-ligaen.
Det enda med heile 8-0 til Sotra.
Fleire spelarar har signert på nytt
Onsdag kveld tok Lysekloster A-lag imot Brann 2 til treningskamp i Lysekloster Family Arena. Her slo dei andrelaget til laget frå Idrettsveien i Bergen 2-1. Lysekloster sine mål vart skåra av Jacob Kvarven (10 min.) og Sander Marthinussen (41).
Sistnemnde har nett skrive under ny kontrakt med munkane. I lag med kaptein Alexander Dang har han skrive under ut inneverande sesong.
Torstein Hildal, Jørgen Nordvold Lunde, David Tufta og Jacob Jacobsen Bolslø har skrive under til og med 2026.
Ny frå Sotra er Mats Åserud. Han har skrive under til og med 2025-sesongen.
Neste treningskamp for Lysekloster er på Åsane Arena mot Sandnes Ulf komande laurdag.
Siger i årets første heimekamp
Fredag skulle Lysekloster møta Brann 2 til treningskamp på Åsane Arena. Den kampen blei aldri noko av grunna vêret.
Sander Mathinussen skåra eitt av måla i treningskampen mot Brann 2 i Lysefjorden onsdag. Kampen blei utsett til i dag, onsdag. Heime i Lysefjorden gjekk kampen av stabelen, og det var heimelaget som trekte det lengste strået.
Etter skåringar frå Jacob Kvarven og Sander Marthinussen vann Lysekloster 2-1.
Tett oppgjer i Oshallen
Det blei jamt i fjor haust då Os-damene spelte borte mot Tromsø. Då var laga like gode med 25-25.
Søndag var det klart for det omvende oppgjeret. I Oshallen hadde Tromsø skaffa seg eit forsprang på fire mål før kvilen, eit forsprang heimelaget ikkje klarte å henta opp.
Nye kampar til helga: Os-trenar Kenneth Husebø og spelarane får høve til å henta heim poeng til helga. Då reiser dei til Fredrikstad, der dei skal spela både laurdag og søndag. Arkiv/Benjamin Søgnen Olsen Det enda med tap 29-32 for Os-damene søndag.
Alt til helga ventar to kampar for damene. Då skal dei spela borte mot Fredrikstad Bkl 2 laurdag og Østsiden Fredrikstad søndag.
Tap for Askøy
Herrelaget til Os Fotball spelte treningskamp i Vestlandshallen laurdag.
Berre eitt mål blei produsert i kampen, og det var det Askøy som fekk. Dermed enda kampen med eit knipent tap for Os.
Avlyst kamp
Fredag kveld skulle Lysekloster spela treningskamp mot Brann 2 i Åsane Arena.
Den kampen kom aldri i gang som planlagt. Vêret skal ha ført til at laga måtte finna ny dato.
I ei tekstmelding opplyser Lysekloster-trenar Ruben Hetlevik, at dei vil forsøka igjen på onsdag klokka 16.
Ventar smekkfull hall
Sparebanken Vest Arena har offisiell opning laurdag, og ifølgje klubben er det snart ikkje plass til fleire publikummarar på den store dagen.
Det er eit maks tal som får lov til å vera i hallen samstundes, og under legging av kunstgraset for to veker sidan, orienterte leiinga i idrettslaget om at mange hadde meld sin ankomst.
Dagen før dagen fortel leiar Bjarte Aarvik at det framleis er plassar att.
– Truleg vil folk koma laurdag utan å registrera seg på førehand. Det er fint om folk kan registrera seg, slik at vi har oversikt. Det er framleis plassar att, seier Aarvik, som oppmodar til å bruka kollektivtransport.
Nytt idrettsanlegg tek form
Hausten 2023 fortalte Venjar IL om planane dei hadde for idrettsanlegget sitt på Fusa.
Dugnadsgjengen kunne i fjor haust fortelja om intenst arbeid. Då nærma dei seg å kunna starta på ringmur til padelbane og klubbhuset.
Foto: Benjamin Søgnen Olsen Bilete frå denne veka syner at dei har kome eit godt stykke vidare sidan då.
Etter planen skal heile anlegget vera ferdig og klart til våren.
Har signert ny keeper
23 år gamle Fredrik Sivertsen Bergslid har signert kontrakt med Lysekloster som strekkjer seg ut 2026.
Det melde klubben torsdag.
Keeperen kjem frå Stjørdals–Blink, og har vore innom ei rekkje ulike klubber i karrieren så langt.
I ei sak på Lysekloster.no er 23-åringen sitert på at han hadde planar om å flytta til Bergen til hausten for å ta master, men at han først og fremst valte Lysekloster fordi at han kjende seg ønskt av trenarteamet.
Fredrik Sivertsen Bergslid Lysekloster IL – Klubben er i god utvikling, på veg framover, og forholda ligg godt til rette for å ta nye steg som fotballspelarar, seier han i den saka.