Blei seriemeistrar og sikra "the double"

Benjamin Olsen
volleyball sport

Volleyball: I januar vann dei NM. Fredag sikra TIF Viking sitt damelag seriemeisterskapen etter 3-0 mot Førde i Åsane Arena. Dermed sikra dei seg "the double", men sesongen er ikkje omme.

Sluttspelet startar snart – der har fort TIF Viking favoritt-stempelet på seg og kan sikra seg nok ein tittel.

Til topps i NM: Bilete er frå januar då Kongepokalen blei sikra. Bjørnafjordingane Cherin Isabel Eide, Terian Kaelo, kaptein Grethe Soltvedt og Maria Åsmul kan no jubla igjen etter å ha vunne seriemeisterskapen.

Laget frå Bergen har fleire lokale spelarar i stallen. Cherin Isabel Eide (tidlegare Søre Neset) og Strandvik-trioen; Maria Åsmul , Terian Kaelo og kaptein Grethe Tuft Soltvedt.

Sistnemnde sa til Åsane Tidende etter at seriemeisterskapen var sikra, at dette er det største ho har opplevd.

– Det var stort å vinna cupfinalen, som var ein helt spesiell kamp med eit vanvitig trykk, og sluttspelet blir tøft, men å vinne serien viste ein sterk moral. Det var utruleg å klara det, seier ho til ÅT.

Powered by Labrador CMS