Åtvarar mot svært glatte vegar innover mot Eikelandsfjorden
Ein bil hamna i grøfta tysdag føremiddag.
Bilen står i grøfta like ved Bergegrend. Bilistar i område melder om at det er sett ut varselskilt. Dei melder også om svært glatt vegbane.
– Det er tydeleg at sola ikkje har slept til på denne sida av fjorden. Resultatet er at det er nærmast såpeglatt på enkelte stader. Om folk ikkje har skifta til vinterdekk må dei vera uhyre forsiktig, seier ein tipsar til Os & Fusaposten.