Ulukke: Det er meld om at ein bil skal ha starta å brenna på ei ferje på veg frå Halhjem mot Våge fredag ettermiddag.

Bilbrann på ferje: Ein person skal ha blitt utsett for røyk og varme

Ein person måtte ha helsetilsyn.

Det skal ha vore eit tilløp til brann på ferja som går mellom Halhjem og Våge på Tysnes fredag ettermiddag.

På Twitter opplyser 110 Vest at ein person måtte ha helsetilsyn etter hendinga, og at branntilløpet skal ha blitt sløkt at mannskap på ferja.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vest politidistrikt skriv at ferja ikkje blei evakuert, og at ein person blei eksponert for røyk og varme.

Ferja kom til kaien på Våge for kort tid sidan.

Alle bilar og passasjerar er komne i land. Personen som blei utset for røyk og varme, står fram ikkje som alvorleg skadd, ifølgje politiet.