– Det blir nok ein røykfylt føremiddag i Ulven leir
Det seier varabrannsjef i Bjørnafjorden brann og redning, Erik Walden.
Frå kl 09.30 til kring kl 15 skal om lag 25 tilsette ved Bjørnafjorden brann og redning ha øving og ei kontrollert nedbrenning i Ulven leir. Bygget som skal brennast ned til grunnen, er det tidlegare Sibohuset, eit bygg på kring 700 kvm.
– Det er eit stort bygg tilsvarande neste fire 'vanlege' bustader. Bygget har tre etasjar, så det blir ein omfattande brann, med tilsvarande omfattande øving, fortel Walden.
Brannmannskapa vil starta dagen med røykdykkarøving, før det blir full fyr i bygget og dei etter kvart får øvd seg på andre relevante situasjonar i samband med brann i eit stort bygg.
– Eg vil tru at både røyk og flammar vil kunna sjåast frå lang avstand, så difor ønskjer me å opplysa folk om dette alt i dag, slik at folk ikkje trur det er ein alvorleg brann i leiren.
Han fortel vidare at ingen presse får tilgang til området grunna strenge reglar frå Forsvaret.