Påvist smitte: Ingen elevar på 8. trinn skal møte på skulen i dag fredag, melder kommunen.

Elev har fått påvist smitte

Ein elev på 8. trinn ved Os ungdomsskule har fått påvist covid-19.

Medan kartlegging av nærkontaktar held på, vil heile trinnet få heimeundervisning. Ingen elevar på 8. trinn skal møte på skulen i dag, fredag, melder Bjørnafjorden kommune torsdag kveld.

Dei tilsette ved skulen som blir rekna som nærkontaktar, er varsla.

Artikkelen held fram under annonsen.

Skulen har sendt ut SMS med informasjon til alle føresette på 8. trinn torsdag kveld.

Føresette til elevar som er nærkontaktar til den smitta eleven, og som difor må gå i karantene/ventekarantene, får ei eiga melding om dette.

Helsepersonell frå kommunen vil ta kontakt i løpet av fredag for å gje meir informasjon og rettleiing til nærkontaktane og deira husstandsmedlemmer.

Det er ikkje mistanke om smittespreiing til andre trinn ved skulen. Alle andre elevar og tilsette skal difor møte på skulen som vanleg.

Tidlegare torsdag blei det meld om at ein tilsett ved Os ungdomsskule i går, onsdag, testa positivt for covid-19.