Esso-stasjonens dagar på Osøyro kan vera talde.
Esso-stasjonens dagar på Osøyro kan vera talde.

Esso Norge på gli?

Å flytta Esso-stasjonen til Endelausmarka kan bli løysinga dersom Os kommune skal kjøpa tomta.

I dagens formannskapsmøte orienterte ordførar Terje Søviknes frå møte med Esso Norge. Temaet var tomta som Esso i dag står på, og om det er råd for Os kommune å overta tomta.

- I møtet førre veke vart me einige med Esso Norge at me køyrer ein prosess for å sjå på om det er råd å flytta Esso-stasjonen. Haldninga til Esso Norge var positiv. Basert på det møtet har eg god grunn til å tru at me kan koma fram til ei semje, sa ordførar Terje Søviknes.

Artikkelen held fram under annonsen.

Før 2022?

Rett nok vil ikkje ein ny bensinstasjon i Endelausmarka kunna vera på plass før i 2022 når vegen opnar, men ordføraren sa at det også var på bordet å få til noko midlertidig før den tid.

- Det er også eit tema kor vidt Esso kan strekkja seg ut av sentrum litt tidlegare. Dette kan bli ei veldig god sak. Det vil vera bra for vidareutviklinga av sentrum, og me får skapt eit samla utviklingsområde på kaien, sa ordføraren.