DEBATT

Alle på Fusa-sida fortener å høyre svaret. Heile Bjørnafjorden fortener å høyre svaret, skriv innsendaren.

Svar til ordføraren «vår»

Brevet mitt vart sendt som innbyggjar i Bjørnafjorden.

Kjære Terje. 

Eg høyrer kva du seier; at du ser, bryr deg om, og jobbar for heile kommunen, men eg ser ikkje handlingane som speglar det. 

Kvar var du i går (tysdag) då det var folkemøte i Eikelandsosen, om endringane i vaktordninga ved Brannstasjonen her? Det kom politikarar frå både Høgre, Arbeidarpartiet og Senterpartiet, men ordføraren «vår», og FrP glimra med sitt fråvær. 

Eg understrekte i brevet mitt til deg at det vart sendt som innbyggjar i Bjørnafjorden. 

Innhaldet i brevet berører ingenting som omfattar mitt arbeidsforhold i kommunen, eller mi rolle som mellomleiar. Eg klarar veldig godt å skilje mellom dei ulike rollene eg har i samfunnet, og det burde du òg gjere. 

Det er derfor svært ugreit av deg å trekkje inn mitt arbeidsforhold i denne debatten. Eg sendte deg ikkje brevet som arbeidstakaren din, og eg ber ikkje om at du svarar som «arbeidsgjevaren» min.

Etter at brevet vart publisert har eg fått enorm respons frå både fusaingar og osingar.

Du skriv sjølv at det er mykje i brevet som fortener å bli svart ut. Alle på Fusa-sida fortener å høyre svaret. Heile Bjørnafjorden fortener å høyre svaret. Og då bør det kome i lokalavisa også. Så då får du svare som ein ordførar og.

Med venleg helsing

Åse Kristin Uglehus

INNBYGGJAR i Bjørnafjorden.

Powered by Labrador CMS