Fall over bord: – Da båtføraren skulle leggja til kai mista guten balansen og hamna i sjøen, opplyser politiet søndag kveld.

– Fall over bord og fekk foten i propellen

Guten som vart frakta til Haukeland etter ulukka i Skotøysudet søndag, skal ha mista balansen då båten han sat i skulle leggja til kai.

Like før klokka 19 søndag kom det melding om ei ulukke i Skotøysundet i Lysefjorden. Politiet skreiv først at den 12 år gamle guten som skada foten sin, hadde bada, men etter samtalar med vitne på staden fekk ein ifølgje BT vita at han hadde falt over bord frå ein båt.

– Guten var om bord i båten saman med familien. Da båtføraren skulle leggja til kai mista han balansen og det vart eit rykk i båten. Det førte til at guten fell over bord og vart køyrt på av propellen, opplyste operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Morten Rebnord, til Bergens Tidende laurdag kveld.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Sjøulukke i Skotøysundet: Gut vart skadd av propell

Guten vart frakta til Haukeland universitetssjukehus med luftambulanse, og vart ifølgje avisa operert på grunn av kutta i foten.

Det har ikkje lukkast Os & Fusaposten å få ei oppdatering frå politiet så langt i dag.