Kva kan grunnen vera?: – Eg har aldri sett noko slikt før. Kva kan det vera, spør Åse Møller-Hansen.

Fann 17 døde fisk på kort strekke i Mobergsvika

Åse Møller-Hansen fann heile 17 døde fisk då ho var på tur i Mobergsvika laurdag. Ein annan tipsar melder om død fisk også i Vargavågen.

– Eg har aldri sett noko slikt før. Kva kan det vera, spør Åse.

Lokalavisa vert svar skuldig, men jobbar med å finna ut kva dette kan skuldast.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det skal også liggja fleire døde fisk i Tellevika og i Vargavågen.

– Her sym det mykje halvdaude fisk rundt med buken i veret, fortel Bjarte Helle frå Vargavågen.

Har du tips i saka? Send det til Os & Fusaposten på post@osogfusa.no.