Stansa: Det gjekk rett over to veker mellom dei to gongane den unge mannen blei stoppa. I mellomtida skal han ikkje ha prioritert rett, ifølgje politiet.

Fekk beskjed om å retta feil ved køyretøyet. To veker seinare blei den unge mannen stoppa igjen

Skulle ha høyrd på politiet sist.

Det er politioverbetjent ved Bjørnafjorden politistasjon, Christine J. Grindstein som i ein e-post opplyser om hendinga.

Klokka 18.30 måndag skal politiet ha stansa ein bil. Det viser seg at bilføraren litt tidlegare i januar, blei ilagt eit førelegg om å utbetra diverse feil ved køyretøyet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Grindstein opplyser at det handlar om mellom anna dekkbreidde, manglande baklys og skiltlys.

— Føraren, ein ungdom i tenåra, vil bli meld for ikkje å etterkoma pålegg om å utbetra feil ved køyretøyet, skriv Grindstein.

To meldingar om tjuveri

Politiet oppmodar publikum til å vera merksame og melde frå om mistenkjeleg aktivitet i nærleiken av båthamner.

Dette fordi at dei måndag kring klokka 10 fekk to ulike meldingar om tjuveri av utanbords motor frå fritidsbåtar i Øyane.

— Forholda vil bli melde, skriv Grindstein.