Krangel mellom to menn: Politiet fjerna fredag kveld ein mann frå Os sentrum, etter ein krangel mellom to partar.

Fjerna mann frå sentrum etter konfrontasjon

— Den eine parten skal ha vore svært sint.

Fredag kveld kring klokka 23 fekk politiet melding om ein krangel mellom to menn i Os sentrum. Dei to involverte skal vera i 30-åra og 20-åra.

— Den eine parten skal ha vore svært sint, skriv politioverbetjent ved Bjørnafjorden politistasjon, Christine Grindstein.

Artikkelen held fram under annonsen.

Mannen i 30-åra fekk pålegg om ikkje å oppsøkja Os sentrum før tidlegast klokka 08.00 laurdag, og blei fjerna frå staden, ifølgje Grindstein.

— Det er ikkje oppretta sak på forholdet, opplyser Grindstein.

Laser- og promillekontroll

Natt til laurdag blei det gjennomført kombinert laser- og promillekontroll. Politiet stod ved Ulvenvegen frå klokka 01.50 til 03.00. Trafikk i retning Os i 80-sona blei kontrollert, opplyser Grindstein.

Politiet kontrollerte 15 førarar.

— Ingen reaksjonar, skriv Grindstein.