Kontroll av tunge køyretøy: Frå ein tidlegare kontroll på Halhjem ferjekai.

Hadde merka lasten feil. Fekk køyreforbod under kontroll på Halhjem

Til saman sju tunge køyretøy vart kontrollerte.

Av 19 forbipasserande tunge køyretøy vart sju stykker plukka ut til kontroll på Halhjem torsdag.

I tillegg vart det teke vinterkontroll på to køyretøy.

Artikkelen held fram under annonsen.

I tillegg til å sjekka om periodisk kontroll og forsikring var i orden, sjekka vegvesenet om køyretøya hadde riktig vinterutrustning,

Eit køyretøy fekk bruksforbod grunna manglande merking av utstikkande last.

To køyretøy fekk teknisk mangel på for mange lys i front.

To førarar vart kontrollerte på køyre - og kviletid. Der var alt i orden.

Eit køyretøy fekk gebyr for to dekk med mindre enn 5 mm mønsterdjupne. Det resulterte i eit gebyr på kr 2000 pr dekk.