Forbod: Føraren fekk køyreforbod. (Illustrasjonsfoto)

Hadde vassrett skilt og mangla DB-killer

Politiet gjennomførde trafikkontroll torsdag morgon.

Vel kl 9 torsdag gjennomførte politiet ein trafikkontroll i Kolskogen. Ein MC blei stansa og kontrollert.

– Sykkelen hadde vassrett skilt og mangla DB-killer (reduserer støy). Førar fekk køyreforbod frå og med fredag og må framvisa sykkelen når han er blitt utbetra. Elles ingen andre reaksjonar, opplyser politiet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Same morgon gjennomførte politiet promillekontroll på Halhjem ferjekai. 34 kontrollerte og ingen utslag, vart resultatet.