Tiltak: – Vurdér behov for førebyggjande tiltak, er meldinga.

Har sendt ut gult farevarsel for mykje lyn

Frå kl 23 onsdag kan det koma torever med mykje lyn.

Onsdag kveld er det sendt ut gult farevarsel for torever med mykje lyn. På yr.no vert det presisert at det vil vera lokale forskjellar i intensitet.

Farevarselet varer frå kl 23 onsdag til torsdag kl 11.

Artikkelen held fram under annonsen.

Folk vert tilrådd å halda seg oppdatert om utviklinga av veret og vervarselet.

– Følg med på verradar eller lyn.met.no. Vurdér behov for førebyggjande tiltak, er meldinga.

Her kan du følgja lyn-aktiviteten i Yr.no sitt eige kart. (ekstern lenke)

Desse moglege tiltaka vert nemnd:

Kopla frå elektriske apparat

Tilpass farten etter køyreforholda

Søk ly

Unngå opne sletter og store tre

Artikkelen held fram under annonsen.

Ikkje symja eller bada

Konsekvensane av toreveret er fare for skade på objekt som følgje av lynnedslag, straumforsyninga og tv/internett kan bli påverka og lynnedslag kan føra til brann i bygningar og skog/vegetasjon.