Det nye styret: Frå venstre - Aksel H. Holdhus, Harald Bjørndal, Anne Martinsen, Maria L. Midtrød, Olav Tveitnes, Lisbeth G. Eide og Liv Bolstad.

Har skipa nytt lag i Hålandsdalen: Første målet er å realisera gamal draum

Skal fremja lokal kultur og historieformidling.

Hålandsdalspelet - Soga om Kikedalsbonden er eit nyskipa lag i Hålandsdalen. Føremålet er i all hovudsak å fremja lokal kultur og historieformidling. Soger og forteljingar frå nærområdet er noko laget ynskjer å arbeida med.

Det første som står på planen er, som undertittelen fortel, å realisera ein gamal draum om eit utandørs sogespel. Historia om Kikedalsbonden er nedskriven av skodespelar og teatersjef Ingjald Haaland. Denne er ei blanding av segn og verkelege hendingar frå tida då svartedauden herja i Noreg.

Artikkelen held fram under annonsen.

Planen er å ha prosjektet klart innan 2-3 års tid, med framsyning av eit nyskrive historisk sogespel basert på den originale forteljinga. Arbeidet er godt i gang, der ein del avklaringar allereie er gjort.

Ideen er å involvera ulike amatørlag og organisasjonar, lokale aktørar og andre friviljuge. Dette samarbeidet skal omfatta både det musikalske og sceniske, i tillegg til alt det praktiske som høyrer med. Hovudroller i stykket er tiltenkt profesjonelle skodespelarar.

Aksel H. Holdhus

For styret i Hålandsdalspelet