Leitemannskap har leita i heile natt. Laurdag held søket fram for fullt.

Har søkt i heile natt. Heimevernet vil bistå i søket laurdag

Søket etter mannen i 20-åra pågår for fullt. Har gått ut med bilete av den sakna.

Publisert Sist oppdatert

Søket har halde fram gjennom natta, men det er ikkje gjort funn. 

Røde Kors og Norsk Folkehjelp har søkt i natt. Laurdag vert det gjort ei ny utkalling av frivillige.

— Det er ein del som har vore med lenge som må ha kvile, opplyser operasjonsleiar Knut Dahl-Michelsen. 

Politiet bad fredag kveld om bistand frå Heimevernet og dei vil laurdag stilla med mellom 70 og 100 mann som skal bistå i søket. 

Sivilforsvaret blei også kontakta fredag kveld og dei vil stilla med ca 20 mann.

— Etterforskninga har foregått parallelt med søket, men det er så langt ikkje kome fram opplysningar som gir nokon svar på kva som kan ha skjedd eller kor den sakna kan vera, seier Dahl-Michelsen.

Politiet ber framleis om tips i saka, og pårørande har samtykka i at politiet går ut med bilete av den sakna.

Mannen skal vera tynnkledd, og om lag 1.70 m høg. Han er iført svart turbukse, blå strikkegenser og store støvlar.

Ved observasjon ring 02800 evt 112 ved akutt fare for liv og helse

Mannen i 20-åra vart natt til torsdag meldt sakna frå heimen sin, og politiet starta kort tid etter søk med politihund, mannskap frå Røde Kors, Norsk Folkehjelp og Norske Redningshunder. 

Sidan torsdag morgon har også eit redningshelikopter frå HRS Sola delteke i søket. 

Fredag vart søket trappa opp.

Powered by Labrador CMS