Heilt stopp: Tankbilen skal stå ved innkøyringa til Kirkebirkeland.

Snøen skapte utfordringar på Valle torsdag føremiddag

Det var heilt stopp i trafikken retning Os i formiddag.

Like over kl 10 melde politiet på Twitter at ein tankbil stod fast i retning Os. Det var trafikale problemer på staden og det var ein periode heilt stopp for dei som skal retning Os.

Politiet var då på veg til staden. Det kom sidan ikkje nye oppdateringar, før vakthavande ved operasjonssentralen torsdag ettermiddag kunne opplysa at trafikken glir greit, og at det ikkje tok lang tid å få fjerna tankbilen.