Stengjer ned: Etter torsdag blir teststasjonen i Kolskogen stengd.

Her stengjer dørene i morgon

I praksis betyr dette at PCR-testing i samband med reise/koronasertifikat må takast hos ein privat aktør mot betaling.

Bjørnafjorden kommune opplyser om dette på heimesida si onsdag.

Det er Helse- og omsorgsdepartementet som har avgjort at koronateststasjonane kan avviklast frå 1. juli. Siste dag i Kolskogen blir torsdag 30. juni.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kommunen opplyser at legekontor og legevakt kan PCR-teste pasientar når dette er naudsynt.

Kommunen har framleis avtale om leige av Røde Kors-huset i Kolskogen ut oktober. Dei skriv at dei er klare til å starta opp att teststasjonane ved behov.

Testkapasiteten skal då liggja på tilsvarande éin prosent av folketalet, om lag 250 personar i veka — med moglegheit til å oppskalera til fem prosent — 1.250 personar i veka, skriv kommunen.

Hurtigtestar skal framleis vera lett tilgjengelege på legekontora og andre offentlege hentestader.