Lett motorsykkel, støy frå motorsykkel
Det vart ikkje skrive ut nokon beltegebyr, men ein lett MC vart avskilta.

Her var det litt å ta tak i

Hadde kontroll på Halhjemsvegen og i Os sentrum i dag.

Publisert

Statens vegvesen hadde kontroll i Bjørnafjorden i dag,  i Os sentrum og på Halhjemsveien.

Fokus var i utgangspunktet på beltebruk. 478 køyretøy blei kontrollerte.

Det vart ikkje skrive ut nokon beltegebyr, men ein lett MC vart avskilta. 

— Føraren fekk bruksforbod og melding, og MC'en vart avskilta. Køyretøyet hadde ikkje montert lykter som baklys, blinklys eller bremselys bak. Nærlyset foran var defekt. Uoriginale speglar. Det var høgare støy enn det som var tillatt. Det var heller ikkje montert speedometer og sykkelen hadde ulik dekkdimensjon foran og bak. Her blei det full teknisk visning på ein trafikkstasjon, oppsummerer vegvesenet.

Powered by Labrador CMS