Måtte avlivast: Ein skadd hjort blei observert måndag ved Rema 1000. Hjorten måtte avlivast, opplyser politiet. Illustrasjonsfoto.

Hjort måtte avlivast: — Det blei fyrt av to skot

Skadd hjort blei observert ved Rema 1000.

Kort tid før politiet blei gjort merksame på at ein eldre mann køyrde mot trafikken i Skogafjellstunnelen, kom det inn melding om ein skadd hjort like ved Rema 1000 Kuven stasjon.

Meldinga kom inn klokka 12.35 opplyser politioverbetjent Anne Lyssand ved Bjørnafjorden politistasjon.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Viltkontakten blei varsla og hjorten måtte avlivast. Det blei fyrt av to skot, skriv Lyssand.

Mobil- og beltebruk

I 13-tida måndag gjennomførte politiet ein åtferdskontroll. Det er ikkje opplyst stad for kontrollen.

— Det blei sjekka bruk av mobil og belte under køyring. Resultatet blei eit forenkla førelegg for bruk av mobil under køyring, skriv Lyssand.

Blir ein ferska for mobilbruk under køyring, svir det ganske kraftig på lommeboka. 1. januar 2021 var bøtesatsen 5.000 kroner og tre prikkar. Berre eitt år seinare, auka det til 7.450 kroner og tre prikkar. I år auka det til 9.750 kroner.

Laserkontroll på Halhjemsvegen

Politiet er ofte på Halhjemsvegen for å gjennomføra laserkontroll. Måndag var dei der igjen. Frå klokka 10.30 kontrollerte dei trafikantane i 70-sona i sørgåande retning.

— Resultatet blei fire forenkla førelegg, der høgaste hastigheit var 92 km/t. I tillegg blei det gitt eit forenkla førelegg for manglande utsyn, skriv Lyssand.