Sovna inn onsdag: Jimmy Øvredal (83) sovna stille inn seint onsdag kveld, med sine næraste kring seg.

Jimmy Øvredal er gått bort

Villmarkens son sovna inn onsdag kveld, med sine næraste kring seg.

Jimmy Øvredal vart fødd i Øvredalen i 1940 og er eit namn mange i Bjørnafjorden har eit forhold til. Anten som julenissen i Borgstova eller som lærar, frå tida han var yrkesaktiv.

Han blei 83 år gamal. Barnebarnet Frode Moberg Øvredal stadfestar at høvdingen i familien er gått bort, etter å ha vore sjuk ei stund.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Det skjedde ikkje brått og uventa, men det er sjølvsagt vondt og trist likevel. Det er godt at han no har fått fred, seier Frode.

Jimmy er kjent også utanfor kommunegrensene. I år 2000 laga NRK reportasje om han til programmet Norge Rundt. Her vart han kjent som ein villmarkas son, poet og livsfilosof.

Få år seinare sende NRK ein ønskereprise av programmet, noko dei ikkje har for vane å gjera i Norge Rundt midt i ein sesong.

Jimmy har gitt ut ei rekke diktsamlingar, radiokåseri og skjemtedikt på CD, ofte med eit skråblikk og alltid med auge for detaljar.

I sitt vaksne liv har poeten og livsfilosofen Jimmy Øvredal fått mange utmerkingar og prisar, deriblant Kongens fortenestemedalje i sølv og kulturprisen frå Os & Fusaposten, utan samanlikning forøvrig.

For rett over fem år sidan var “store Jimmy på det store lerretet”. Regissør Frode Fimland fekk følgja Jimmy Øvredal i fjellheimen i Øvredalen. Resultatet blei vist her i heimkommunen, i Oseana, og sidan på NRK.

Ordførar Terje Søviknes (Frp) seier til Os & Fusaposten at dette var ein trist bodskap å få.

— Villmarkens son, ein av bygdas verkeleg store, er gått bort. Tankane går til familien, samstundes som vi minnast den folkekjære skribenten, læraren, musikaren, politikaren og naturelskaren Jimmy, seier Søviknes og held fram:

Artikkelen held fram under annonsen.

— Personleg har Jimmy vore med meg nær heile livet. Først som ungdomsskulelærar, deretter som kollega i kommunestyret, og etter kvart som ein favorittskribent med fantastiske kåseri og dikt. Bygda har mista ein bauta.