Pinseutfarten er i gang

Halhjemsvegen, kø
Klokka 15 stod køen allereie tett oppover Halhjemsvegen. Her fotografert frå Hauglandsbrua.

Lange køar til ferjekaien

– Av erfaring veit me at køen gjerne står til klokka 20 om kvelden på denne dagen, seier tipsar til Os & Fusaposten.

Publisert Sist oppdatert

Pinseutfarten var i gang for alvor fredag ettermiddag, og tradisjonen tru er det handball-cup på Stord. 

Klokka 15 fekk Os & Fusaposten dette biletet tilsendt frå ein lesar på Haugland. Alt då stod køen frå krysset til Lunde.

– Erfaringsmessig veit me at det blir mykje lengre kø i timane som kjem, seier tipsaren.

For dei som skal til Strøno, Skeie eller Øyane, kan det kanskje vera eit tips å køyra om Ulven fredag. 

— Om ikkje lenge tenkjer eg køen på Halhjemsvegen står til Moberg, sa tipsaren vår i 15-tida.

Powered by Labrador CMS