– Opna for normal ferdsle igjen

Ein utanlansk registrert lastebil stod på tvers i Hegglandsdalen måndag. Klokka 19.15 var lastebilen henta opp av bergingsbil og vegen open for normal ferdsle.

Ein lastebil stod fast og sperra vegbanen ved Rød på FV579 Hegglandsdalsvegen, ved Stølskleiva, måndag ettermiddag. Det opplyste politiet på Twitter like før kl 16.

Politi var då på veg til staden.

Artikkelen held fram under annonsen.

Oppdatert:

Vegtrafikksentralen opplyser kl 16.21 at vegen er stengd grunna berging.

Det skal vera snakk om eit utanlandsk vogntog som står fast.

Oppdatert:

Klokka 17.55 kan Vegtrafikksentralen opplysa om at eitt felt er opna og at politiet dirigerer trafikken på staden.